Mandagsklubb 31. august

Velkomen til haustens første mandagsklubb!

Rederrommet, Thon Hotel Fosnavåg
Kl. 18-20. Vi avslutter med kveldsmat i restaurant Sjøkanten.

Kl. 18
Velkomen til haustens møteplassar

Kl. 18.05-18.20
Kort innlegg frå Herøy ungdomsskule v/ Elisa Giskeødegård Hareide, rådgjevar Herøy ungdomsskule og Sølvi Lillebø Remøy, Næringskomiteen.
Kva er Ja-bedrift og Innovasjonscamp, og korleis kan dette vere positivt for di bedrift?

Kl. 18.20-18.45
Innovasjon Norge v/ spesialrådgjevar Alfred Øverland og seniorrådgjevar Bjørn Kåre Steinnes.
Kvifor finansiering frå Innovasjon Norge?

Minglepause

Kl. 19.15-20.00
Torstein Bae, sjakkspelar, jurist og TV-kommentator, best kjend som NRKs faste sjakkekspert under store sendingar.

Strategi og avgjerder under press
Gjennom verda til sjakken utforskar Torstein kva som skjer når menneske og organisasjonar står i usikre og krevjande situasjonar. Korleis tek vi gode avgjerder når informasjonen er ufullstendig, og der vi må halde hovudet kaldt under ubønnhørlig tidspress? Kvifor held vi fast ved gamle strategiar for lenge, og kva kjenneteiknar dei som klarer å endre kurs i tide? Korleis kan vi bruke feil som ein motor for læring og innovasjon? Og som eit overordna spørsmål av avgjerande betydning: Korleis oppnår vi at strategien blir ein realitet kvar dag, slik sjakkmeisteren må sørgje for i kvart einaste trekk? Med talrike døme frå globale verksemder, både suksessar og konkursar, gir Torstein ny innsikt i planlegging, analyse og handlekraft.

Kl. 20 Kveldsmat: fiskesuppe med godt brød
Torstein har med seg sjakkbrett om nokon har lyst på ei utfordring og/eller læring.

Previous
Previous

Mandagsklubb 12. oktober

Next
Next

Gratis frukostseminar 25. august med ADVISO Advokatfirma