Velkomen til Fosnavågkonferansen
torsdag 17. juni 2027

Konserthuset, Thon Hotel Fosnavåg
Konferanse kl. 09.30-16.55
Middag kl. 17.00 - 19.30

Sett av torsdag 17. juni 2027 - Fosnavågkonferansen!

Under ser du programmet som var i 2026.

Program

09.00 Check-in og kaffien er klar.

DEL 1: OPNING OG NÆRINGSPERSPEKTIV
09.30 Vi opnar konferansen med musikalsk innslag: Maritime tonar med Kevin Andre Søvre Myklebust, Vegard Holum og Inga-Lill Lännerholm.

Velkomen til Herøy og Fosnavågkonferansen v/ ordførar Ann-Kathrin Storøy.
Konferansier for dagen er Ellen Kvalsund frå Sparebanken Møre.

09.50 MATHIAS FISCHER, dagleg leiar i Initiativ Vest: Kystnæringa - korleis kan vi bli den nye “rockestjerna”.

10.05 Panelsamtale med lokale reiarar og Mathias Fischer om marin- og maritim næring sin posisjon i norsk næringsliv. Moderator Ellen Kvalsund.

10.25 SPAREBANKEN MØRE, Senior Porteføljeforvalter og Makrostrateg Monica Finnøy Draper. «Makroøkonomiske perspektiv i ei uroleg tid».

10.45– 11.05 MINGLEPAUSE OG ENKEL BEVERTNING

DEL 2: SKIPSDESIGN - Nyheiter og innsikt frå fire lokale designmiljø:

  • HAV DESIGN - v/ Managing Director Richard Schofield:
    Kva er drivarane for eit skip sine ytelsar? Gjere dei rette valga - skape effektivitet, redusere risiko og maksimere verdi.

  • KONGSBERG MARITIME SHIP DESIGN v/ Chief Designer Subsea Stig Ole Borgundvåg:
    Avansert skipsdesign for morgondagens subsea behov.

  • MARIN TEKNIKK - v/ CEO og designar Svein Rune Gjerde og designar Jarl Åge Vågsholm: Lokalt forankra i ei verdsleiande maritimt klynge. Modig, nytenkande og med internasjonal erfaring. Utnytter fysiske lover for innovasjon.

  • ULSTEIN GROUP v/sjefsdesignar Øyvind Gjerde Kamsvåg:
    Kva skjer når vi snur om på tankegangen rundt C/SOV-operasjonar? Øyvind deler innsikt i ULSTEIN SX250, ein ny balanse mellom storleik, effekt og berekraft, og eit fartøykonsept som gir reiarlag meir fleksibilitet i havvind og W2W. Med mindre skip som tek større ansvar, opnar det seg nye moglegheiter for både kostnadsreduksjon og grønare drift.

12.35 Panelsamtale med tema INNOVATIV SKIPSDESIGN
– framtidas design, sikkerheitsperspektiv og beredskap m/ HAV Design, Kongsberg Maritime Ship Design, Ulstein Group og Marin Teknikk. Moderator Knut Tore Aurdal, Head of Projects GCE BLUE MARITIME CLUSTER.

12.50 – 13.50 LUNSJ

13.50-14.55 PARALLELLSESJONAR - historier og innsikt frå næringslivet:
Valfritt tema i kvar sesjon, ingen påmelding. Kaffe- og minglepause mellom sesjonane.

DEL 3: VERDSBILETE, BEREDSKAP OG TRYGGLEIK

15.15 Professor ØYSTEIN TUNSJØ: Kampen om verdsmakta. USA og Kina i det 21. århundre, og implikasjonar for shipping- og sjømatnæringa.

15.40 Redningsselskapet v/ beredskapssjef KRISTIAN F. NYGÅRD: Totalberedskap langs kysten – eit felles ansvar. Totalforsvarsåret 2026 bør markere ei tydeleg styrking av den sivile beredskapen som beskyttar liv og verdiar langs kysten. Tryggleik på sjøen og langs kysten er ei forutsetning for tryggleik i Norge.

16.00 ALEX ROSÉN er ambassadør for «Årets trygg fisker». Kva ligg i dette, og samtale med Vegard Hide frå Fosnavåg, vinnaren i 2025. Og med tusenkunstnaren Alex blir det heilt sikkert noko utanfor manus også!

16.45 Avslutning, oppsummering.

16.50 Aperitiff før middagen i hotellets lobby.

17.10 Hyggeleg samvær rundt borda og gode matretter frå sjø og land i hotellets restaurant Sjøkanten. Sildeambassadør Alex Rosén frontar sjømat-delikatesser!

19.30 Vi runder av matserveringa, men lobby-baren held ope utover kvelden.

Bli kjend med dei som bidreg gjennom dagen!

Vonar du finn programmet relevant og spennande, og har lyst å vere saman med oss denne dagen!

Vær vennleg å fylle ut påmeldingsskjema i lenka under.
Frist onsdag 10. juni. Husk å lagre svaret ditt når sendt inn.

Påmelding er lukka. Ta kontakt om mogleg etterpåmelding på: fosnavag@shippingklubb.no


Det er bindande påmelding, men det er mogleg å endre deltakarnamn innanfor same selskap.
E-post til: fosnavag@shippingklubb.no

Vi er glade for samarbeidet med Sparebanken Møre i år også!