Gratis frukostseminar 25. august med ADVISO Advokatfirma

Kva gjer du når ein tilsett ikkje presterer – og det ikkje blir betre?

Når ein tilsett ikkje presterer, kan det få store konsekvensar for både bedrifta og arbeidsmiljøet. Desse sakene reiser ofte kompliserte rettslege og bevismessige problemstillingar, og ei feilaktig eller uforsvarleg oppseiing kan få store konsekvensar for arbeidsgivar. Mange leiarar opplever uvisse rundt korleis denne typen saker bør parkerast og kva som skal til før ein faktisk kan gå til oppseiing.

Fosnavåg Shippingklubb arrangerer i samarbeid med ADVISO Advokatfirma frukostmøte på Horisont den 25. august kl. 08:30 – 10.30 der du vil få innsikt om terskelen for oppseiing på grunn av manglande arbeidsprestasjonar etter både arbeidsmiljølova og skipsarbeidslova, kva som krevst av arbeidsgivar i forkant og kva som må dokumenterast.

Bli med på eit praktisk frukostseminar der vi gir deg tryggleiken du treng for å handtere krevjande personalsaker.

Dato: Tysdag 25. august 2026

Tid: kl. 09:00-10:30, frukostservering frå 08:30

Stad: HORISONT, Mjølstadneset næringspark, Herøy

Arrangementet er gratis i samarbeid med ADVISO Advokater, og krev påmelding.

Påmelding her:

Previous
Previous

Mandagsklubb 31. august

Next
Next

Fosnavågkonferansen 18. juni 2026