Æresmedlem 2025

Under juleavslutninga 24. november blei Leif Gjelseth tildelt utmerkelsen Årets Æresmedlem. Vi gratulerer så mykje med vel fortent pris!

Grunnjeving:
Årets æresmedlem er ein maskinist som har skrudd saman eit stort industrieventyr.

Når praten gjekk rundt bordet i messa om at «ditta må vi finne ei løysing på», så gjorde han det. Han såg at det låg ei mulegheit i problemet. Og rulle i snurperingen vart det første produktet. Neste problem var makrell som burde sorterast i stor makrell og liten makrell.

Resten er historie, industrihistorie og det som i dag er ein av dei store industriarbeidsplassane i Herøy, og kanskje det største ingeniørmiljøet i kommunen.

Men når ein ser på historia til denne industrigründeren, så handlar det om langt meir enn Herøy. Det er heim-kommunen, men også plassar som Giske, Stavanger, Haugesund, Tromsø – og Chile og Peru.

Alt har handla om å gjere problem om til mulegheiter, og gi fisken best muleg handtering anten det er på sjø eller land. Undervegs har det dukka opp «bi-produkt» som reinsing av ballastvatn. Og dei siste åra har utviklingskrafta og det aldri kvilande ønsket om å forenkle og forbetre også resultert i ein ny måte å bygge hus på med standardiserte Lego-klossar for byggebransjen.

Årets ærespris går til ein mann som har gått i front, tidleg ute – også med å ha luftgevær og moped!

Dette er ein mann som spelar på mange strengar, han er god både på gitar og keyboard. Han likar seg ute med pilken på Viknesen sin, men det forundrar oss stort om ikkje det er noko Reodor Felgen-innretningar for fiskehandteringa om bord.

Æresprisvinnaren er ein føndel som får til det han set seg føre. Flink til å snakke med folk, jovial og hyggeleg.

I rundt 40 år har han utvikla og bygd industri. Tenkt at ein må vere liten nok til å ta enkeltoppdrag, men stor nok til å ta vanskelege oppdrag.

I 2021 bikka bedrifta for første gong milliarden i omsetning, og no blir det bygd meir kontor, lager og kai for å gjere det muleg å vekse, vinne nye kontraktar og ha plass til at dei rundt 230 tilsette kan få fleire kollegaer.

Det har vore skapt mykje, og det er meir verdiskaping i vente frå denne kanten. Den maritime næringa og regionen her skal takke, og vi i Fosnavåg Shippingklubb er glade for å tildele årets ærespris 2025 til ein verdig vinnar; Leif Gjelseth.

Previous
Previous

Mandagsklubb 26. januar

Next
Next

Arrangement første halvår 2026