Mandagsklubb 15. september

Velkommen til haustens første mandagsklubb 15. september kl. 18

Vi får denne kvelden besøk av Stig Remøy frå Olympic Subsea og Lars Iversen frå Atea. Dette blir to vidt forskjellig tema, men som vi er sikre på blir både inspirerande og lærerikt. Vi får også høyre kva som er aktuelt frå Herøy kommune i “politisk kvarter”.

Vi avslutter med kveldsmat i restauranten ca. kl. 20.00

Verdas mest energieffektive konstruksjonsskip

Stig Remøy, Olympic Subsea, fortel om dei to nye subsea-konstruksjonsskipa til Olympic, som for tida er under bygging. Skipa er utvikla med lokalt design og utstyr, og representerer det fremste innan energieffektivitet og miljøvennlig teknologi.

Desse fartøya vil bli dei mest utsleppsvenlege subsea- og konstruksjonsskipa per dags dato, og skal nyttast til komplekse offshore-operasjonar innanfor både fornybar energi og andre offshore segment


Digital transformasjon

Lars Iversen, Atea, har i meir enn tjue år jobba i frontlinjene i arbeidet med den digitale transformasjonen i både offentleg og privat sektor. Han har ei eiga evne til å omsetje blodfersk erfaring og innsikt til strategiar for tradisjonelle verksamheiter.

For mange verksamheiter forblir den digitale transformasjonen ein ambisjon som krev strategi, pengar, kompetanse og tid som ikkje finns. Krava om å leve opp til sikkerheit, reguleringar, senka kostnadar, auka effektivitet og ny verdiskaping tårnar seg opp. Det som skulle vere ei velsignelse ser meir og meir ut som ei forbanning. Tempo og press i endringane aukar, men korleis navigerar dei beste i kaoset nå - og kva kan vi lære av dei?

PÅMELDING innen torsdag 11. september (Google docs) - Klikk her

Del gjerne invitasjonen med dine kollegaer i medlemsbedriften!

Vel møtt!

Helsing Fosnavåg Shippingklubb

Next
Next

Arrangement hausten 2025