Mandagsklubb 23. oktober
Peter Straume er ABG Sundal Collier-topp, eigar av ei hytte på eit lite skjær ved Skotholmen og busett i Sveits.
Han kjem til Shippingklubben for å bidra med tankar om skattetrykk og konsekvensar for Norge, seie noko om livet i Sveits, by på det det store blikket på makro og marknad - men samtidig også fortelje om hytta på skjæret heime i Sævikane.
Blikk utanfrå kjem også frå tidlegare president i Fosnavåg Shippingklubb, Anders Almestad.
Etter ein lang karriere i maritim næring, har han no vorte toppleiar i det landsomfattande rørleggarkonsernet "VB Gruppen". Almestad skal snakke om "Kva har maritim næring å lære av rørleggarar?"I tillegg set Sparebank Vest den maritime næringa inn i eit større bilde med tema "Utsikter for den maritime næringa i eit uroleg makrobilde". Foredraget blir ved Kjetil Patrick Benson, leiar for Markets, og Rune Aas som er valuta- og rentemeklar.
Påmelding
For serveringa sin del må vi ha påmelding. Påmeldingsfrist er fredag 20. oktober kl 13.Og nettopp for serveringa sin del, så er det også fint om du seier i frå dersom du er påmeldt og likevel ikkje kan kome. Då gir du beskjed til fosnavag@shippingklubb.no