Mandagsklubb 23. mars
Velkomen til mandagsklubb 23. mars kl. 18 i Rederrommet på Thon Hotel Fosnavåg.
For påmelding trykk her!
Programmet denne kvelden innehar ei stor breidd i tema med presentasjonar frå våre medlemmar Aurvoll og Furesund og Sparebank1 SMN. I tillegg får vi besøk frå Oslo og FBN Norsk Familieeierskap som bl.a. vil gje oss innsikt i kvifor familieeigde bedrifter er utroleg viktig for kva slags Noreg vi vil ha i framtida.
Program:
Velkomen v/ styreleiar Helge Remøy
AURVOLL OG FURESUND kl. 18.05-18.35
v/ dagleg leiar Eivind Berge og prosjektleiar Kay-Terje Myklebust
1. Prosjekt til Verftsnæringa – Larsnes Mek og Myklebust Verft.
2. Dragsund Næringspark. Status og vegen vidare. Ev. spørsmål.
SPAREBANK1 SMN kl. 18.35 -19.05
v/ banksjefane Fredric Bjørdal og Ola Øvrelid
Økonomiske konjunkturar, den politiske situasjonen og rammevilkår for havnæringane.
Pause
FBN NORSK FAMILIEEIERSKAP kl. 19.25-19.55
Kort om FBN Norsk Familieeierskap.
Det betyr noko kven som eig ei bedrift v/ Cecilie Grønntun, leiar kommunikasjon og samfunnskontakt.
Kompleksitet i familieeigde bedrifter v/ Lulla Treschow Hokholt, leiar arrangement og kompetanse og 7. generasjons eigar på Fritzøe Gård.