Dato: Tirsdag 17. november
Stad: Thon Hotel Fosnavåg, Rederrommet
Tid: Hotellets frukostbuffet frå kl. 08.00
Seminaret startar kl. 08.30. Gode pausar, og vi avsluttar til kl. 10.30.
Kom å bli med på frukostseminar der vi vil lære korleis du som leiar og avgjerdstakar kan ta dei riktige vala for di bedrift. Vi får høyre foredrag frå BDO og Atea som utfyller kvarandre slik at vi både får teoretiske og praktiske døme.
Tema: AI-LOVA – KVA BETYR HO FOR DI VERKSEMD?
Arnt Olav Aardal er advokat og partner i BDO, der han leier fagområdet Tech Legal & Compliance. Han har brei erfaring med juridisk og strategisk rådgiving innan teknologi, personvern, kunstig intelligens og regulatoriske krav. Han er særleg oppteken av korleis verksemder kan ta i bruk ny teknologi og utnytte moglegheitene, samtidig som dei har kontroll på risiko og etterlever regelverket.
Den nye AI-lova stiller krav til korleis verksemder utviklar og brukar kunstig intelligens. Men kva inneber regelverket i praksis, og kva bør leiarar og styre gjere allereie no? I dette innlegget ser vi på dei viktigaste krava, kva ansvar verksemdene får, og korleis ein kan leggje til rette for trygg og verdiskapande bruk av AI.
Tema: SIKRARE MED AI?
Lars Ivar Kittelsaa jobbar som Senior sikkerheitsrådgjevar i Atea, og har 25 års tenestetid som etterretningsoffiser frå Hæren og Marinen. Han har òg erfaring frå arbeid med sikkerheit og beredskap i banksektoren.
AI-revolusjonen opnar for store moglegheiter, men skaper òg store utfordringar, ikkje minst for IT-sikkerheit. Det kan vere vanskeleg å vite korleis ein skal sikre verksemda ein har ansvar for når angriparane får tilgang til nye kraftfulle verktøy kvar dag. Heldigvis er ikkje AI-verktøy nyttige berre for angriparane, dei bidrar allereie til å sikre IT-system og kritisk infrastruktur over heile verda.
I dette innlegget vil Lars Ivar presentere eit balansert bilete av trussel-situasjonen akkurat no, og skildre korleis ein bør arbeide med digital sikkerheit i ei AI-verd. Han vil argumentere for at bruk av AI har potensial til å gjere IT-system tryggare enn noka gong, men at vi kjem til å få nokre alvorlege lærepenge på vegen. Det er fattig trøyst at heilskapen blir betre, dersom akkurat di verksemd blir utsett for eit øydeleggjande cyberangrep.
Tema: AI I PRAKSIS
Knut Øyvind Myklebust jobbar som senior manager innan revisjon og rådgiving i BDO. Han har erfaring mellom anna som digitaliseringssjef i Tussa, og har følgt utviklinga av AI tett dei siste åra.
Med «AI i praksis» vil han vise konkrete døme på korleis leiarar og styre kan bruke AI i eigen arbeidskvardag. Han viser korleis AI kan støtte analyse, informasjonsarbeid og avgjerdsprosessar, og gir deltakarane idear og metodar dei kan prøve ut i eiga verksemd.
Velkomen!
Helsing frå BDO, Atea og Fosnavåg Shippingklubb