Årsmøte og mandagsklubb
Sett av mandag 26. mai frå kl. 18.
Stad: Rederrommet, Thon Hotel Fosnavåg
Årsmøte (innkalling og sakliste kjem per e-post til medlemmer 1 veke før).
Lenke til innkalling og sakliste her
Lenke til årsmelding her
Lenke til protokoll frå årsmøte her
Mandagsklubb med innlegg frå medlemsbedrifter og "Politisk kvarter" med saker frå Herøy kommune.
CleanFurn / Leftovers: Overskot av materiale frå møbelbransjen får nytt liv
Leftovers ønsker å industrialisere bruken av overskots- og restmateriale frå møbelindustrien, og lage vakre og nyttige produkt. Konseptet vil bidra til redusert CO2-avtrykk som både leverandør av restmateriale og mottaker av dei ferdige produkta er opptekne av.
Kom og høyr korleis gründer og initiativtakar Fatima Myrseth og innovasjons- og forretningsutviklar Jorun Pedersen jobbar med denne spennande og viktige løysinga. Dette er ei berekraftig utnytting av restmateriale frå bl.a. skips- og cruiseindustrien.
Atea: AI - frå hype til verkelegheit
Solution Sales Specialist Karen Mjåtveit Sætre kjem til oss frå Atea Bergen, og vil introdusere oss for moglegheitene som ligg i bruk av kunstig intelligens. Korleis skal vi forhalde oss til dette internt i verksemda? Har verksemda di ein strategi for korleis tilsette skal bruke KI, med tanke på profil, felles “språk”, sikkerheit og stemme i dokument og presentasjonar? Karen vil også dele litt om korleis Atea har implementert KI, samt presentere andre user cases frå deira kunder.
Lenke til påmelding her
Vel møtt mandag 26. mai kl. 18 på Thon Hotel Fosnavåg, Redarrommet. Det blir som vanleg kveldsmat i restauranten ca. kl. 20. På menyen står det:
Pulled beef i steam buns (Bao-buns)
Lime-marinerte rotgrønnsaker m/vårløk og sesamfrø, grønn salat, hurtig kimchi og hvitløksdressing