Verda og vi

Mandag 28. mars inviterer Fosnavåg Shippingklubb til samling der ein både skal sjå på kva geopolitikken og uroa i verda betyr for næringslivet og få eit nærare innblikk i ei samla storsatsing på Mjølstadneset som det er svært lenge sidan ein har sett.Seniorøkonom, Knut A Magnussen i DNB Markets kjem til Mandagsklubben med fokus på Ukraina-krigen, inflasjon og renter, der han kommenterer og diskuterer det som skjer rundt oss for tida. Pandemien og krigen i Ukraina er sjølvsagt bakteppet. Han vil også kome med rente- og valutaprognosar.I tillegg får vi presentert planar for utbygging og utvikling på Mjølstadneset ved nokre av aktørane som satsar no:

  • Ervik & Sævik, Rita Sævik
  • MMC First Process, Håvard Remøy
  • Tussa, Roar Stenersen
  • Ulmatec, Bjørnar Huse

Samlinga blir i Redarromet på Thon Hotel Fosnavåg mandag 28. mars kl 18.På grunn av servering må vi ha påmelding seinast fredag 25. mars kl 13[button link="https://docs.google.com/forms/d/1IWKZle9HoMWkEhp_No7XewW6JC83SPyyc-FWzREW29M/edit"] Meld deg på her[/button] Etter denne mandagsklubben er neste samling 30. mai. 

Previous
Previous

Hydrogen, ammoniakk og kjernekraft

Next
Next

Grøn innovasjon - mandag 7.2.22.