Festmiddag med leiing på menyen

Velkomen til gratis festmiddag med sjøkreps, reinsdyr og creme brulee. I tillegg står også solid påfyll av motivasjon og kunnskap om leiing på menyen.Steinar Bjartveit, psykolog, forfattar, høgskulelektor med leiing som spesialitet held foredrag. Han skal i tillegg intervjue lokale leiarar  om leiing.Bjartveit er ein mykje bruke foredrags- og kurshaldar mellom leiarar, og let oss lære av suksessane - og feila - til historiske leiarar. På festmiddagen gir han oss eit møte med Julius Cæsar og viser korleis han bygde ein av dei raskaste og mest fleksible organisasjonane i verdshistoria. I tillegg får vi eit potpurri av ulike historiske leiarar og kva vi kan lære av dei.Du kan lese meir om tankegangen til Bjartveit, om kursa og om han sjølv her. I tillegg til foredraga skal Steinar Bjartveit intervjue to leiarar om leiarskap. Den eine er Roger Halsebakk, skipper, self-made og leiar av verdas største brønnbåt-reiarlag; Sølvtrans. Den andre er Gunhild Sjøvik, fjerde generasjon i Sjøvik-reiarlag der hennar plass er som CEO i Cinderella Eco Group som produserer prisbelønte og berekraftige forbrenningstoalett som vert selt over heile verda.PÅMELDINGFestmiddagen skjer på Thon Hotel Fosnavåg, fredag 8. oktober kl 18.Er du medlem i shippingklubben eller jobbar i ei medlemsbedrift, så er du hjarteleg velkomen, men med så mykje god mat på programmet, så er det svært viktig med påmelding. Det fiksar du her.Husk å dele invitasjonen og ta med fleire i bedrifta di.

Previous
Previous

Festmiddag og tildeling av æresmedlemskap

Next
Next

Mandagsklubb 20. september