FOSNAVÅG SHIPPINGKLUBB

  • all maritim verksemd

Kommande arrangement

26. mai

ÅRSMØTE
Fosnavåg

19. juni

Fosnavågkonferansen
Fosnavåg

Info

  • for foreininga ”Fosnavåg Shippingklubb” endra på årsmøtet 18.06.2020.

    § 1
    Foreininga sitt namn er Fosnavåg Shippingklubb, med underteksta: ”- all maritim verksemd”. Klubben er oppretta 4. september 2006.

    Sete for foreininga Fosnavåg Shippingklubb er Fosnavåg i Herøy kommune.


    § 2
    Foreininga sitt føremål er:

    1. Fremje Fosnavåg som ein internasjonal, leiande maritim by.

    2. Sikre ei positiv utvikling av den maritime næringa i Herøy.

    3. Sosial treffplass, og dermed verke «inkluderande» for dei maritime aktørene.

    4. Fremje sunn konkurranse mellom medlemene, når konkurranse er det rette.

    5. Sikre eit godt samarbeid, når samarbeid er det rette.


    § 3

    Årsmøtet er foreininga sitt høgste organ og styret representerer foreininga utad.

    Årsmøtet skal haldast seinast 30. juni kvart år og skal innkallast seinast 7 dagar før møtet.

    Presidenten kallar inn til årsmøte. Rett til å møte på årsmøte har alle registrerte medlemmar.

    Styret skal :

    • Gi innstilling om godkjenninga av rekneskap og årsmelding.

    • Styret skal godkjenne medlemskap.

    • Fastsette medlemskontingent.

    • Gi innstilling til eventuelle vedtektsendringar til årsmøtet.

    § 4

    Foreininga skal vere leia av eit styre på 6 – 8 personar fra medlemsbedrifter i Fosnavåg Shippingklubb.

    Foreininga Fosnavåg Shippingklubb skal ha ei valnemnd på 3 medlemmer, valt av årsmøtet. Årsmøtet vel President og Visepresident.

    I presidentens fravær trer Visepresident inn som President.

    Styremedlemmane blir valde for 2 år, men ved førstegangs val blir halve styret valde for 1 år.

    Maksimal samanhengande tjenestetid skal være 6 år.

    Herøy kommune ved ordførar skal ha tilsendt innkalling / sakliste og har sjølve eller ved stadfortredar møte- og talerett.

    § 5

    Foreininga sitt firma vert teikna av Presidenten saman med forretningsførar eller eit styremedlem.

    § 6

    Fosnavåg Shippingklubb sine utgifter vert dekte av:

    • Deltakande verksemder, sal av tenester, andre inntekter.

  • Enkeltperson og enkeltpersonforetak: 1750

    2-5 tilsette: 3500

    6-20 tilsette: 7000

    21-50 tilsette: 12500

    51 og fleire tilsette: 18000

    Prisen som er oppgitt er totalsum.

    Til bedrifter vert det fakturert i to delar; 20 prosent av prisen er medlemskontingent (utan mva) og 80 prosent er serviceavgift (med mva).

    Til privatpersonar vert det kun fakturert medlemskontingent (utan mva).