Velg en side

Styret i Shippingklubben har hatt som mål å lage samlingar som er med på å sette fart og motivasjon i folk igjen etter pandemien.

Vi er glade for dei mange gode tilbakemeldingane etter arrangementa våre det siste året. Vi har hatt innhald som har handla om alt frå leiarutvikling til utvikling av Mjølstadneset, og vi har hatt klassiske Mandagsklubbar og festsamlingar både på Skotholmen og Fosnavåg Konserthus.

Vi ønskjer å jobbe vidare med å verte ein endå betre samlingsstad der vi får inspirasjon og informasjon og kan skape nettverk mellom folk og bedrifter i den maritime klynga på ytre, søre Sunnmøre. Vi er stadig på jakt etter gode foredragshaldarar med aktuelle tema, og ser føre oss at Shippingklubben i stadig større grad kan bli ein plass å få påfyll av ny og interessant kunnskap.

Auka satsing vil også bety auka medlemssatsar. Etter at kostnaden for å vere medlem har stått stille sidan iallfall i 2013, meiner vi at det må vere lov å kome med ei justering. Samtidig endrar vi også på medlemsstigen slik at det ikkje skal vere så mange medlemskategoriar. Vi forenklar og går frå åtte medlemskategoriar til fem.

I den nye medlemsstigen har vi slått saman dei ulike kategoriane vi har hatt for enkeltpersonar til ein kategori. Vi har også endra og forenkla mellomsjiktet og legg skiljet mellom kategoriar i tråd med det NHO definerer som «små bedrifter»; under 20 tilsette.

Den nye medlemsstigen ser då slik ut: 

  • Enkeltperson og enkeltpersonføretak
  • 2-5 tilsette
  • 6-20 tilsette
  • 21-50 tilsette
  • 51 tilsette og fleire

Og dei nye medlemssatsane vert slik:

Dette er grunnlaget for faktura for 2022 som no vert sendt ut. Summane er totalsum inkl mva.Vi gler oss over godt frammøte og det vi opplever som god stemning på samlingane våre. No strekkjer vi oss mot nye mål.

Etter solid avspark for hausten med Bank-ett på Fosnavåg Konserthus er foreløpig plan for  resten av 2022 slik:

  • Mandag 3. oktober: Mandagsklubb
  • Mandag 31. oktober: Mandagsklubb
  • Mandag 5. desember: Juleavslutning i Fosnavåg Konserthus.

Det kan bli endringar, men følg med på Facebook for invitasjon og informasjon. Det blir også sendt nyheitsbrev om arrangementa våre.