Velg en side

Stig Remøy er årets æresmedlem. Heideren vart utdelt på juleavslutninga til Fosnavåg Shippingklubb 25. november.

Fosnavåg Shippingklubb har sidan 2007 delt ut heideren «Årets æresmedlem». Prisen har gått til personar som har hatt eit langvarig engasjement for den maritime bransjen, har påverka bransjen positivt og vore bidragsytarar til lokalsamfunnet. President i Fosnavåg Shippingklubb, Helge T. Remøy, kunne trygt slå fast at årets æresmedlem på alle måtar er ein verdig mottakar av denne æra og heldt følgande tale til kveldens hovudperson:

Kjære medlemmer og  gjestar  

Det er med stor glede eg står her i dag for å gi ei velfortent anerkjenning til ein person som har betydd mykje for Fosnavåg og for den maritime næringa her på Sunnmøre. Personen har gjennom sitt arbeid sett sitt preg på både næringslivet og samfunnet vårt. 

Eitt av måla til Fosnavåg Shippingklubb er å fremje Fosnavåg som ein leiande maritim by. Denne personen sitt arbeid og innsats har vore avgjerande for å styrke denne posisjonen. Gjennom innovasjon og vilje til å satse har han bidrege til å sikre ei positiv utvikling av den maritime næringa i kommunen vår. Årets æresmedlem er Stig Remøy. 

Stig starta karrieren sin til sjøs allereie som 15-åring og la tidleg grunnlaget for ei livsgjerning som har vore prega av innsats, visjon og handlekraft. Saman med brørne sine kjøpte han sin første fiskebåt som 19-åring og fekk ansvar som skipper allereie som 21-åring. Fiskerisatsinga la grunnlaget for det som vi i dag kjenner som Olympic Group. Gjennom dette konsernet har han bidrege til å skape arbeidsplassar, vekst og innovasjon. Stig har vist at det går an å lykkast på den globale maritime scena, utan å gløyme røtene sine her i Herøy. Sikkerheit og bærekraft har vore i høgsetet og Olympic har vore i front i bransjen gjennom banebrytande og nyskapande prosjekt. Fleire prisar har blitt tildelt og med det sett Olympic og vesle Fosnavåg på kartet både nasjonalt og internasjonalt. Tidlegare i år fekk Olympic prisen «Safety Award 2024» under OSJ-konferansen i London, og nyleg vart dei også nominerte til prisen «Safety Project of the Year» av den globale maritime organisasjonen IMCA. Vinnaren vert kåra neste veke, vi ventar i spenning saman med dokke. 

Det som gjer Stig si historie ekstra verd å trekke fram, er korleis han også har brukt ressursane sine til å støtte lokalsamfunnet. Ikkje minst som pådrivar og medeigar i bygget vi held til i no i kveld, Thon Hotel Fosnavåg. Gjennom store bidrag til prosjekt som Fosnavåg Konserthus, Sunnmørsbadet og Olympic Kulturfond har han vore med på å løfte kultur, trivsel og aktivitet for oss som bur i regionen. Slike tiltak er viktige for å skape ein god plass å bu og eit sterkt fellesskap, noko vi alle set pris på. Stig har med dette vist oss at suksess ikkje berre handlar om å skape verdiar, men òg om å gi tilbake – om å styrke fellesskapet og legge grunnlaget for ei framtid som er rik på både moglegheiter og opplevingar. 

Stig, du har gjennom ei livslang karriere vist kva det vil seie å vere ein ekte kystens mann. Du starta som sjømann, og det var til havs du fann både retninga og grunnlaget for det som skulle bli ei eksepsjonell livsgjerning innan fiskeri, skipsfart og forretningsliv. Gjennom Olympic Group har du ikkje berre bygd opp eit internasjonalt leiande selskap – du har òg vore ein sterk pådrivar for å setje Fosnavåg på kartet som ein maritim hovudstad. Med ditt arbeid har du vore ein viktig ressurs for Fosnavåg og Herøy, både som næringslivsleiar og som samfunnsbyggjar. På vegner av styret og medlemmene i Fosnavåg Shippingklubb er det ei glede å gi deg æresmedlemskap som takk for innsatsen din. 

Gratulerer, og takk for det du har gjort – og framleis gjer – for byen vår og for den maritime næringa!