Vi avsluttar våren 2023 med sommarleg grillfest med polare innslag frå Geir-Martin Leinebø som var skipssjef då det første norske skipet nokon gong nådde Nordpolen. Etter samlinga fyrer Thon Hotel Fosnavåg opp grillane og vi kryssar fingrane for godt og lagleg ver!
Geir-Martin Leinebø er herøyværing, orlogskaptein i Sjøforsvaret og ein av dei fremste i Sjøforsvaret innan isoperasjonar. Han kjem til Shippingklubben for å fortelje oss om besøk på Nordpolen, mellom anna med KV Svalbard som det første norske skipet fartøyet som nådde Nordpolen.
Han var også skipssjef då KV Svalbard forhindra ei større miljøkatastrofe då fiskefartøyet Northguider forliste i Hinlopenstredet og på KV Svalbard under operasjon CAATEX i Beuforthavet som hadde stor betydning for nasjonal og internasjonal klimaforsking.
Geir-Martin Leinebø fekk nyleg Sjøforsvarets Fortjenestmedalje, og under tildelinga var det mellom anna sagt at utan Leinebø sine leiareigenskapar og særlege kompetanse og erfaring, så hadde desse operasjonane vanskeleg lete seg gjennomføre.
Leinebø har ein lang karriere i kystvakta gjennom snart tretti år, og vil i tillegg til forteljingar frå ishavet seie noko om Fosnavåg si rolle som ein viktig bidragsytar i kystvakta og kva som skjer framover.
Mangfald
Vi får også høyre Patricia Larsen (Vard) og Andreas Nystøl (Seaonics) som skal fortelje om Vard sitt program i kulturforståing og «Vard gender diversity program». Utgangspunktet er å skape konkurransekraft gjennom menneska, at mangfald handlar om å kapre dei beste talenta og at mangfald og inkludering gir betre forretningsresultat
Årsmøte
Samlinga startar klokka 18 med kort årsmøte. Sjå meir om årsmøtet, innkalling, rekneskap m.m. her.
På grunn av matservering, så må vi ha påmelding.
Meld deg på her