Metizoft har utvikla seg frå ein leverandør av system for å kartlegge farlege material om bord i skip til ein leverandør av berekraftige løysingar for heile livssyklusen til eit skip. Selskapet har no nesten 60 tilsette på hovudkontoret i Fosnavåg, i Singapore og Shanghai. CMO Øyvind Sundgot fortel oss om kva dei gjer og utviklinga i Metizoft.
Runde Forsking/Runde miljøsenter er med i utgreiingsarbeidet Windsys som Havforskingsinstituttet har ansvar for. Runde Forsking skal intervjue fiskarar og gi analyse knytt til HyWind Tampen. Nils-Roar Hareide kjem og fortel oss om prosjektet.
Og kva med eit kræsj-kurs i korleis Fosnavåg kan lykkast med å utvikle attraktive og lønsame knutepunkt for transport til sjøs?
Liv-Hege Seglsten er senior manager i Greenstat som har utvikla verdikjeder for hydrogenberarar som drivstoff på skip sidan 2015. Før sommaren annonserte Enova tre av totalt fem store tildelingar på totalt 424 millionar kroner til nøkkelprosjekt knytta til selskapet si hydrogensatsing. Dette gjer Greenstat til Norges største hydrogenselskap.
Liv-Hege Seglsten skal dele erfaringar og suksesskriterie frå dei tre hydrogenknutepunkta som er under utvikling i Glomfjord, Rørvik og Kristiansand der selskapa har fått støtte til produksjonsanlegg, for å levere komprimert hydrogen til kundar innan sjø- og landtransport og driftsbåtar til havbruk.
Kvelden blir avslutta med ein god kveldsmat før det blir tilbod om omvising på Horisont for dei som ønskjer det.
Påmelding til Mandagsklubb 31. oktober