Desse tre får du møte under årets første mandagklubb 29. januar klokka 18 på Thon Hotel Fosnavåg.
Hareid Group er leverandør av elektriske produkt og tenester til bygg og industri, skip og privatkundar. Den maritime divisjonen har 300 tilsette i Norge og Polen og leverer heile spekteret av skipselektriske produkt, system, installasjon og tenester på tvers av fartøysegment. Vi får høyre Olav Haug Vikebakk som skal snakke blant anna om omstilling og digitalisering, frå ei bedrift som gjennom 50 år har erfaring frå installasjon på over 300 fartøy.
Det Bergen-baserte selskapet Synfaring leverer uavhengige inspeksjon- og sertifiseringstenester i ulike marknader. Dei legg vekt på høg formalkompetanse, praktisk utdanning, fagleg integritet og lang erfaring som det viktigaste grunnlaget for å levere dei beste tenestene. Synfaring har hatt avdeling i Fosnavåg sidan 2016 og i fjor tok dei eit steg vidare og etablerte Synfaring Møre i samarbeid med West Maritime. – Målet er å vekse med utgangspunkt i Fosnavåg-kontoret, seier Stig Marvin Moltu som vi møter på mandagsklubben 29. januar.
DIMO spesialiserer seg i å utvikle skreddarsydde, hydrauliske system i samsvar med kundane sine behov. Dei leverer ulike produkt og løysingar til landbasert industri, fiskeoppdrett, systemintegratorar, verft og reiarlag, lokalt, nasjonalt og internasjonalt. På mandagsklubben den 29. januar vil Håvard Stave og Joar Øvrelid blant anna presentere DIMO sitt samarbeid med Parker og Danfoss. Vi får også høyre kva satsingsområde dei har for den nye service- og lagerhallen ved sjøsida på Hareid.
Påmelding
For serveringa sin del må vi ha påmelding. Påmeldingsfrist er fredag 26. januar kl 13.
Og nettopp for serveringa sin del, så er det også fint om du seier i frå dersom du er påmeldt og likevel ikkje kan kome. Då gir du beskjed til fosnavag@shippingklubb.no
Jobbar du ei medlemsbedrift eller er personleg medlem, så melder du deg på ved å bruke lenka over.
KOMANDE MANDAGSKLUBBDATOAR: 18. MARS og 27. MAI