Velg en side

Peter Straume er ABG Sundal Collier-topp, eigar av ei hytte på eit lite skjær ved Skotholmen og busett i Sveits.

Han kjem til Shippingklubben for å bidra med tankar om skattetrykk og konsekvensar for Norge, seie noko om livet i Sveits, by på det det store blikket på makro og marknad – men samtidig også fortelje om hytta på skjæret heime i Sævikane.

Blikk utanfrå kjem også frå tidlegare president i Fosnavåg Shippingklubb, Anders Almestad. Etter ein lang karriere i maritim næring, har han no vorte toppleiar  i det landsomfattande rørleggarkonsernet «VB Gruppen». Almestad skal snakke om «Kva har maritim næring å lære av rørleggarar?»

I tillegg set Sparebank Vest den maritime næringa inn i eit større bilde med tema «Utsikter  for den maritime næringa i eit uroleg makrobilde». Foredraget blir ved Kjetil Patrick Benson, leiar for Markets, og Rune Aas som er valuta- og rentemeklar.

Påmelding

For serveringa sin del må vi ha påmelding. Påmeldingsfrist er fredag 20. oktober kl 13.

Og nettopp for serveringa sin del, så er det også fint om du seier i frå dersom du er påmeldt og likevel ikkje kan kome. Då gir du beskjed til fosnavag@shippingklubb.no

Jobbar du ei medlemsbedrift eller er personleg medlem, så melder du deg på ved å bruke knappen under.

 

Meld deg på her