Velg en side

Denne gongen flyttar vi oss til Horisont som ligg i Fosnavåg Næringspark på Mjølstadneset.
På menyen står det kvit bacalao og temaet er «Rekruttering i ein stram arbeidsmarknad».

  • Eit team frå NAV Møre og Romsdal og NAV Herøy og Vanylven kjem for å fortelje om samarbeidsprosjektet dei inviterer næringslivet til. Målet med samarbeidet er å imøtekome behova bedriftene har for arbeidskraft gjennom ein kostnadseffektiv rekrutterings- og opplæringsprosess, der ein saman med bedriftene kvalifiserer dei tilgjengelege arbeidskraftressursane som finst lokalt.
  • CEO Kariann Sandvik frå rekrutteringsbyrået Yapril vil gi oss innblikk i trendar i kandidatmarknaden, suksesskriterier for å tilsette for lange relasjonar og dele tankar om korleis ein kan sikre kompetanse og ressursar i ein stadig meir krevjande marknad.
  • Trine E. Hofseth Helgå kjem frå Næringsforeningen Ålesundregionen der ho er prosjektleiar for prosjektet «Bli med hit». Saman med næringsforeningane i Molde og Kristiansund har dei saman med lokale bedrifter hatt mange jobbmesser i Oslo og Trondheim for å marknadsføre mulegheitene i vår region. Vi får høyre kva erfaringar dei har gjort seg og kva resultat prosjektet har gitt så langt. Dei er klar for neste jobbmesse i Trondheim 21. november. Kanskje di bedrift vil vere med?
  • Frank-Levi Kvalsund er CHRO i HAV Group og vi får høyre korleis dei jobbar med rekruttering for å tiltrekke seg framtidig arbeidskraft, blant anna ved å skilje seg ut i korleis dei viser seg fram for potensielle framtidige arbeidstakarar. Saman med Havila, Rem Offshore, Olympic Subsea, Havila Kystruten, Metizoft og Metizport inviterte dei 50 studentar ved NTNU Trondheim hit i staden for å ta turen dit.
  • Prosjektleiar i «Spring Trainee» Frida Eirin Voldnes kjem for å presentere prosjektet som Ulstein Næringsforum, saman med alle næringsforeiningane på Søre Sunnmøre samarbeider om. Spring Trainee er ei plattform for å matche unge, kunnskapsrike og motiverte nyutdanna med Søre Sunnmøres mest innovative og framtidsretta bedrifter og meir enn 50 personar har meldt si interesse til å bli trainee gjennom prosjektet.

Påmelding HER innan fredag 18. oktober kl. 13