Kommunal forvaltning av hamner
Bauta advokatfirma er spesialisert innan miljø, hav og eigedom. Dei har særleg kompetanse om sjøtransport og hamner i tillegg til plan- og bygningslova. Bauta er også kunnskapspartnar med Shortsea Promotion Center Norway for å forsterke arbeidet med å gjere sjøvegen til ein større del av verdikjeden.
Mandag 20. september kjem dei til Fosnavåg Shippingklubb med foredrag om det høgaktuelle temaet «Kommunal forvaltning av hamner». Advokatane Øda Ørmen Vinjevoll, Kristine Devold og Elisabeth Voldsund tek føre seg følgande emne:
- Kommunal drift av hamner, mottaksplikt og forvaltning av kapital
- Forvaltning av fiskerihamner
- Statleg ansvar for infrastruktur
Utviklingstrekk i marine næringar og temperaturen i norsk økonomi i ei pandemitid
Sparebanken Møre gler seg til å treffe igjen nye og gamle kjenningar frå før koronatida, og stiller med fleire ulike foredrag der ein både får oversikt og djupdykk i marine næringar.
• Administrerande direktør Trond Lars Nydal, Sparebanken Møre, din bank på heimebane
• Bransjeansvarleg Marin, Runar Debess, Utviklingstrekk i marine næringar sett med banken sine auger
• Sjefsøkonom Inge Furre, Temperaturen i norsk økonomi i ei pandemitid
Både på grunn av korona og servering – kokken må vite kor mykje fiskesuppe som skal lagast – MÅ vi ha påmelding og registrering av dei som skal på Mandagsklubb.
Påmeldingsfrist fredag 17. september kl 09.
Er du eller bedrifta du jobbar i medlem, kan du melde deg på via skjema du finn her.
Velkomne!