Mandagsklubb 20. oktober

Velkommen til mandagsklubb 20. oktober kl. 17

Kom og nyt kvelden på Runde Miljøsenter! Vertskapet tek godt imot oss og sørgjer for ei herleg matoppleving i lune omgivnader. Programmet byr på fleire tema frå scena som alle på eit vis er knytte saman. Her er programmet:

17.00 – Inspirasjonsforedrag

o   Cecil Elisabet Nerbø ved Opplev Runde fortel om arbeidet med å utvikle naturbaserte opplevingar for både lokale bedrifter og tilreisande, og det nye konseptet, «Runde Challenge», som er ein teambyggingsaktivitet inspirert av 71 grader nord.

o   Korleis formidlar vi på ein måte som får andre til å verkeleg lytte, forstå og la seg engasjere? Josefine Spiro frå JoDa Media viser kvifor historieforteljing er det sterkaste kommunikasjonsverktøyet vi har, og korleis ein kan nytte det strategisk.

17.45 – Middag: Ein herleg tapasbuffet i kafeen med tid til å mingle.

18.45 – Inge Bruheim, Runde Forsking
Auka samarbeid mellom forsking og næringsliv gir meir verdiskaping lokalt
Når forskingsmiljø og næringsliv arbeidar tett saman, oppstår det nye moglegheiter for innovasjon, kompetanseutvikling og berekraftig vekst. Kva kan Runde Forsking tilby lokalt næringsliv?

19.15Brian Tsuyoshi Takeda, CEO og Co-Founder, Restorae AS
(gründer av bl.a. Urchinomics som vi fekk presentert på Fosnavågkonferansen 2024).
Naturrestaurering – den nye oljen?  Globale, regionale og nasjonale regelendringar og forpliktelsar kan opne dører til eit nytt eventyr for havnæringa på Sunnmøre.

19.45 – Avrunding. Ein kveldstur i utstillinga av Rundeskatten for dei som ønsker det.

PÅMELDING innen torsdag 16. oktober (Google docs) - Klikk her

Del gjerne invitasjonen med dine kollegaer i medlemsbedriften!

Har du lyst å prøve ut Bed&Breakfast på Runde Miljøsenter og ei oppleving i fjøra etter frukost? Eksklusivt tilbod: overnatting, frukost og morgonaktivitet kr 1.095,- per person i delt leilegheit (enkeltrom). Begrensa antal plassar!

Bestill overnatting på epost til cecil@runde.no

Next
Next

Næringskomiteen er etablert