Velg en side

I samarbeid med Atea inviterer Shippingklubben til Mandagsklubb om industri 5.0 der ein mellom anna får vite meir om kva det betyr for Kongsberg. Du får også meir om det nye berekraftsdirektivet frå EU (CSRD)  og høyre kor det ligg an med berekraftsarbeidet hos bedrifter på Nordvestlandet.

Tapas-servering frå klokka 17
Med Atea på laget kan vi invitere til mingling og mulegheita for å kome rett frå jobb og ta seg mat og prat i timen før arrangementet startar.

Sara Skeide Saunes – Senior Manager – Revisjon PwC Ulsteinvik og Silje Kristin Guddal, senior manager, Advisory PwC Stryn  svarer på kva det betyr for di verksemd at berekraftsdirektivet CSRD er vedtatt i EU og gir ei kort oversikt over dei viktigaste punkta. PwC har også teke temperaturen på berekraftsarbeidet i bedriftene i nordvest og deler informasjon frå løypemeldinga for 2022.

Trond Henriksen, Group lead FoodTrust & Blockchain i Atea seier vi i Norge går glipp av store verdiar fordi verksemdene manglar kompetanse eller ressursar til å utnytte mulegheitene som ligg i data. Korleis kan ein utnytte desse dataene for å skape forretningsmulegheiter og samtidig gjere seg klar for CSRD og rapporteringskrav? Her er det snakk om verdien av data som innsatsfaktor i digitale prosessar og du får høyre om eksempel på utnytting av data, CSRD og ikkje minst Industri 5.0 og vekst for industrien inn mot 2030.

Etter pause er det tid for Arve Toven, Service Concepts og Sustainability Kongsberg som fortel om kva Industri 5.0 betyr for Kongsberg før Lars Iversen, Senior Business Strategist i Atea tek føre seg temaet «Industri 5.0 – Vekst for industri inn mot 2030»

NB, tapas-servering frå klokka 17 – og fiskesuppe til slutt.

Arrangementet er for deg som er medlem eller som jobbar i ei av medlemsbedriftene våre.

Meld deg på her