Siri Abrahamsen kjem på besøk til Fosnavåg Shippingklubb mandag 18. mars.
Siri er ein fasiltator og foredragshaldar som sidan 2010 har jobba med forskjellige team og organisasjonar. Ho har to bachelor-grader, ei innan interkulturell kommunikasjon og ei i leiing.
Siri Abrahamsen snakkar om såkalla «soft skills» – berre at ho kallar det «Human skills for brave people»! Å forstå seg sjølv og andre krev vilje og trening. Siri snakkar om relasjoner, kulturbygging og arbeidsglede, og er ein av Noregs beste foredragshaldarar. Ho er ein erfaren og inspirerande foredragshaldar som verkeleg engasjerer og treff tilhøyrarane, noko som gjorde at ho var nominert til Årets talar i 2021 og 2022.
Ho brukar humor og alvor på ein måte som gjer at publikum kjenner seg att og føler seg sett. Siri sitt foredrag gir auka innsikt i korleis vi kan skape betre dagar saman. Siri viser korleis møta mellom oss har innverknad på resultat, og kvifor desse møta spelar ei stadig viktigare rolle i ei tid med stress, støy og skjermar. Ho møter publikummet sitt med ein heilt spesiell energi. Siri er kunnskapsrik, morosam, varm og genuin – og veldig konkret i anbefalingane sine.
Siri får fram både latter og tårer og gir gode konkrete eksempel og tips til å gå frå fine ord til handling.
Vi gler oss til å høyre kva ho byr på!
Påmelding
For serveringa sin del må vi ha påmelding. Påmeldingsfrist er fredag 15. mars kl. 13.
Og nettopp for serveringa sin del, så er det også fint om du seier i frå dersom du er påmeldt og likevel ikkje kan kome. Då gir du beskjed til fosnavag@shippingklubb.no
Jobbar du ei medlemsbedrift eller er personleg medlem, så melder du deg på ved å bruke påmeldingslenka over.
KOMANDE MANDAGSKLUBBDATOAR: 27. mai – datoane for hausten er ikkje sett.