I samarbeid med Rimfrost inviterer Shippingklubben til staseleg juleavslutning på året 2022.
Samlinga blir på Fosnavåg Konserthus med underhaldning, tre rettars middag og utdeling av pris til årets æresmedlem. Kven personen er vert først avslørt på samlinga.
I tillegg får vi nærare innblikk i Rimfrost si krillsatsing.
Stig Remøy som er største eigar i Rimfrost Holding blir med og skal halde foredrag om nye «Jan Mayen», den nye krilltrålaren som er under utrusting hos Westcon og som skal vere i fiske i 2023.
Det er mange som huskar den legendariske «Jan Mayen» som vart grunnlaget for fleire store Herøy-reiarlag og -satsingar. Forskjellen frå den til milliardskipet som no skal få det same namnet er formidabel, og fortel om ei enorm utvikling innan både fiskeri og skipsteknologi.
Senior VP Pet, Hilde Mosand, og senior VP Human Nutrition, Gry Svalheim, blir også med for å halde foredrag om bruken av krill og vegen frå marin råvare til high end-produkt.
Påmeldingsfrist fredag 2. desember kl 13