Velg en side

Fosnavåg Shippingklubb inviterer til energikveld på den siste samlinga før sommaren.

Hav Hydrogen stiller med VP Sales Stefan Giske og Supply Chain Manager Hanne Reite som fortel om mulegheitene for hydrogen om bord i skip. Hav Hydrogen er eit av få selskap som har fått godkjenningsstempel frå Sjøfartsdirektoratet på designløysing for hydrogenbasert energisystem med tank for flytande hydrogen under dekk og under norsk flagg. Det betyr at selskapet kan begynne å tilby sine produkt til marknaden.

Egil Hystad, marknadsutviklar sag frå Wärtsilâ Norden, skal snakke om ammoniakk som drivstoff i skipsmotorar. Han vil ta føre seg oppbygging av verdikjede, som han meiner er avgjerande for omdanning til grøn skipsfart, gi status for og innsikt i forbrenningsmotor-testing i Wärtsilä og spør også om «Ombygging eller berre nybygg?»

Og til sist er det Jan Emblemsvåg, professor ved Institutt for havromsoperasjoner og byggteknikk, NTNU Ålesund, som skal snakke om kjernekraft. Han har markert seg som ein engasjert og engasjerande foredragshaldar innan dette emnet. Tittel på foredraget (som vert halde på norsk) er «Nuclear reactors for maritime applications».

Samlinga vert innleia med eit ti-minutt til årsmøte med godkjenning av rekneskap og val.

På grunn av matservering må vi vite kor mange som kjem.

Meld deg på her

Påmelding