Velg en side

Fosnavåg Shippingklubb inviterer til Mandagsklubb der grøn innovasjon står på programmet.

Harald Helgesen, seniorrådgivar i Enova, skal halde foredraget: «Enova – vi støttar pionerane i maritim sektor»; om Enova sine maritime satsingar, korleis dei jobbar og kven dei er.

I tillegg kjem marknadssjef i NOx-fondet, Magnus Hexeberg på besøk. Hovudfokus til NOx-fondet er å kutte utslepp av NOx slik at næringslivet oppfylle krava i NOx-avtalen. Korleis kan ein bruke fondet som eit verkemiddel i det grøne skiftet? Kva er utfordringane og kva mulegheiter finst innanfor ordninga? Tema for foredraget hans er: «NOx-fondet – eit verktøy i det grøne skiftet»

Tredje punkt på programmet er Helge Simonnes. Han er forfattar, avis-spaltist, foredragshaldar og styremedlem i Havyard ASA og HAV Group. Simonnes har skrive bok om elbil-revolusjonen og spør om «Kva kan vi lære av det grøne skiftet i bilsektoren?»

Om lag 75 prosent av alle nyregistrerte bilar i landet er no elbilar. I løpet av nokre få år er det skjedd ein gedigen grønn transformasjon på den norske bilmarknaden. I verda er Norge øvst på pallen når det gjeld innfasing av elbil.  I foredraget vil Helge Simonnes gje tips til alle som drive med innovasjon om kva ein kan lære av historia om elbilen.

Mandagsklubben blir i Fosnavåg Konserthus med småbord. Etter foredraga blir det servering av fiskesuppe. Det også blir på konserthuset. Der er god plass og vi kan halde ein meters avstand.

Smittevernreglar per 02. februar 

Nye smittevernreglar seier at vi ikkje lenger treng å tilvise plassar, men vi må likevel ha deltakarliste. Difor treng vi påmelding. Det treng vi også på grunn av servering.

Påmeldingfrist er fredag 4. februar kl 13.

Klikk på knappen og meld deg på. Velkomen!

Påmelding