På programmet for den første samlinga står ulike foredragshaldarar som fortel om nyskaping innan fiskeri.
I vinter kom vinter kom Herøy sitt nye flaggskip innan fiskeri, Sunny Lady. Dette er den største fiskebåten i norske farvatn samtidig som det også er eit fartøy som kan ta oppdrag innan forsking og offshore. Sigurd Teige frå Teigegruppen kjem til Shippingklubben denne mandagen og presenterer prosjektet Sunny Lady.
Forsking på fisk
På programmet står også Fisk 4.0, eit stort forskingsprosjekt som utviklar framtidas måte å fange, utnytte og behandle fisk på. NTNU og Møreforsking saman med marint og maritimt næringsliv skal gjennom eit seks år langt prosjekt sjå på heile verdikjeda med auka kvalitet både på båt og fisk. Automatisering er eit av stikkorda, og namnet på forskingsprosjektet, Fisk 4.0, speglar den fjerde industrielle revolusjon som der mellom anna digitalisering er eit sentralt omgrep. Det skal effektiviserast, automatiserast, digitaliserast og ein skal kutte utgifter – samtidig som kvaliteten på fisken blir like bra og betre.
Forskar og prosjektleiar ved Manulab ved NTNU i Ålesund, Irina-Emily Hansen blir med og fortel oss om prosjektet som har fått 28 millionar kroner frå Norges Forskingsråd.
Fisk og havbruk
Remøy Management har over 50 års erfaring med drift av reiarlag. For mange er dei kjente som kystvakt-reiarlaget, men dei siste åra har dei bygd opp ein flåte med sju servicefartøy for havbruksindustrien. CFO og nyvalt president i Shippingklubben, Helge Remøy, fortel om historia til reiarlaget og steget inn i eit nytt segment.
Fiskeri og nye drivstoff
Lerøy Havfisk er Norges største trålrederi. Driftsdirektør og opprinneleg fosnavågar, Ronny Vågsholm, kjem til Fosnavåg Shippingklubb for å fortelje om pilotprosjektet (GSP) dei har vore med på der dei har sett på å bruke ammoniakk som drivstoff. Ein trålar er både eit fiskefartøy, ein fabrikk, eit lager og ein transportør og i utgangspunktet er all plass om bord fylt opp. Korleis kan ein då få plass til lagringsarrangement for ammoniakk i tillegg til alt anna? Og sjølv om der er plass, vil Lerøy satse på dette?
Jobbar du i medlemsbedrift i Fosnavåg Shippingklubb eller sjølv er medlem i klubben, så meld deg på og bli med.
Meld deg på her