Under haustfesten til Fosnavåg Shippingklubb på Skotholmen fredag 29. oktober vart Hallvar Ulfstein takka for flott innsats gjennom sitt arbeid som dagleg leiar i Shippingklubben frå 2013 og ut 2020.
Diskusjon om namneval for 15 år sidan
President og styreleiar Anders Almestad tok oss også med til starten og stiftingsmøtet,4. september 2006. Første sak på agendaen var namneval – ei sak som alltid utløyser stort engasjement. Slik også her. Alternativa vart mange, men handla alle om varianter med maritim, sjøfart, fiskeri og offshore. Det enda med «Fosnavåg Shippingklubb – all maritim verksemd» .
Statuttane ligg fortsatt fast med punkt om å sikre ei positiv utvikling av den maritime næringa i Herøy, vere ein sosial treffplass og fremje godt samarbeid og sunn konkurranse.
Den første presidenten var Per Sævik.
Ser framover
Shippingklubben har utvikla seg på femten år og Anders Almestad seier klubben vil måtte endre seg også framover, for å tilpasse seg innovasjon, ny teknologi med meir, men at det å vere ein møteplass og skape samhald og samarbeid vil vere ein av grunnpillarane.
Fosnavåg Shippingklubb ønskjer å vere sentral i arbeidet med å få Herøy i gang igjen etter koronaperioden.