Velkomen til gratis festmiddag med sjøkreps, reinsdyr og creme brulee. I tillegg står også solid påfyll av motivasjon og kunnskap om leiing på menyen.
Steinar Bjartveit, psykolog, forfattar, høgskulelektor med leiing som spesialitet held foredrag. Han skal i tillegg intervjue lokale leiarar om leiing.
Bjartveit er ein mykje bruke foredrags- og kurshaldar mellom leiarar, og let oss lære av suksessane – og feila – til historiske leiarar. På festmiddagen gir han oss eit møte med Julius Cæsar og viser korleis han bygde ein av dei raskaste og mest fleksible organisasjonane i verdshistoria. I tillegg får vi eit potpurri av ulike historiske leiarar og kva vi kan lære av dei.
Du kan lese meir om tankegangen til Bjartveit, om kursa og om han sjølv her.
I tillegg til foredraga skal Steinar Bjartveit intervjue to leiarar om leiarskap. Den eine er Roger Halsebakk, skipper, self-made og leiar av verdas største brønnbåt-reiarlag; Sølvtrans. Den andre er Gunhild Sjøvik, fjerde generasjon i Sjøvik-reiarlag der hennar plass er som CEO i Cinderella Eco Group som produserer prisbelønte og berekraftige forbrenningstoalett som vert selt over heile verda.
PÅMELDING
Festmiddagen skjer på Thon Hotel Fosnavåg, fredag 8. oktober kl 18.
Er du medlem i shippingklubben eller jobbar i ei medlemsbedrift, så er du hjarteleg velkomen, men med så mykje god mat på programmet, så er det svært viktig med påmelding. Det fiksar du her.
Husk å dele invitasjonen og ta med fleire i bedrifta di.