Velg en side
Haustprogram 2021

Haustprogram 2021

Fredagssamlingar med god mat i tillegg til mandagsklubbar står på programmet for hausten og vinteren i Fosnavåg Shippingklubb.

Shippingklubben vil vere med å sette fart på regionen igjen etter stille koronamånader, og inviterer til fleire fredagssamlingar med god mat og solid program i tillegg til tradisjonelle mandagsklubbar.

Programmet for hausten og vinteren ser slik ut:

  • Mandag 20. september: Mandagsklubb i Redarromet på Thon Hotel Fosnavåg
  • Fredag 8. oktober: Leiarar under lupen. Steinar Bjartveit, forfattar og høgskulelektor ved BI, fortel om leiarskap og ser nærare på lokale leiarar. I Restaurant Sjøkanten på Thon Hotel Fosnavåg.
  • Fredag 29. oktober: Haustfest med mellom anna Arne Hjeltnes. På Kami Restaurant, Skotholmen
  • Mandag 15. november: Mandagsklubb i Redarromet på Thon Hotel Fosnavåg.
  • Fredag 21. januar: Årets første julebord. I Fosnavåg Konserthus.

Vi kjem tilbake med meir informasjon og påmelding etter kvart.

Tilsette i medlemsbedrifter og direkte-medlemer i Shippingklubben er velkomen på samlingane.

Sjå meir om medlemskap her.

På grunn av matservering og regelverk knytt til korona, må vi ha påmelding. Er du tilsett i medlemsbedrift og vil vere med, så sjekk hos arbeidsgivar og etterlys påmeldingsskjema.

 

 

Nytt styre

Nytt styre

Fosnavåg Shippingklubb hadde årsmøte 31. mai på Thon Hotel Fosnavåg.

Anders Almestad som held fram som styreleiar i Shippingklubben og Silje Smådal som visepresident medan Helge Remøy er nyvalt styremedlem.
Styret i Shippingklubben har dermed desse medlemene:
  • Anders Almestad
  • Per Ronald Knutsen
  • Helge Remøy – ny
  • Åge Sandvik
  • Silje Smådal
  • Svein Rune Smådal
  • Gry Cecilie Sydhagen
  • Rita Sævik
Valnemnda har desse medlemene:
  • Paul Harald Leinebø
  • Even Remøy
  • Marthe Vågsholm Sævik

Årsmøte for 2021

Årsmøte for 2021

Velkomen til årsmøte mandag 31. mai kl 18.00 på Thon Hotel Fosnavåg.
På grunn av smittevern må vi ha påmelding. Innkalling med lenke til påmelding vert sendt til medlemsbedrifter og dei som er personlege medlemer.
Saklista med mellom anna innstilling til nytt styre finn du under her:
Saker til behandling:
1. Godkjenning av innkalling og sakliste
2. Registrering av frammøtte
3. Godkjenning av årsmelding og årsrekneskap 2020
Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner framlagt årsmelding og årsrekneskap.
4. Val av styre
Styremedlemmer som er på val:
Anders Almestad – har site ein toårs-periode
Per Ronald Knutsen – har ein toårs-periode
Åge Sandvik – har site ein toårs-periode
Silje Smådal – har site ein toårs-periode
Gry Cecilie Sydhagen – har site ein toårs-periode
Rita Sævik – har site ein toårsperiode
John Arne Winsnes har makstid i styret og kan ikkje ta gjenval.
Valnemnda med Marthe Vågsholm Sævik, Even Toreson Remøy og Paul Harald Leinebø innstiller desse til nytt styre:
• Anders Almestad
• Per Ronald Knutsen
• Helge Remøy – ny
• Åge Sandvik
• Silje Smådal
• Svein Rune Smådal
• Gry Cecilie Sydhagen
• Rita Sævik
Forslag til vedtak: Årsmøtet vel nytt styre slik valnemnda har innstilt.
5. Val av president og visepresident
Forslag til vedtak: Årsmøtet vel Anders Almestad som president og Silje Smådal som visepresident.

6. Val av valnemnd
Forslag til vedtak: Årsmøtet vel Marthe Vågsholm Sævik, Even Toreson Remøy og Paul Harald Leinebø til valnemnd.

Vi kjem sterkare tilbake

Vi kjem sterkare tilbake

Koronapandemien påverkar også drifta av Fosnavåg Shippingklubb.

Vi har måtte utsette fleire gode arrangement, men gler oss til å møtast igjen.

Haustfest 2021

Haustfest 2021

Vi kjem tilbake med meir informasjon om arrangementet når det nærmar seg.

Ny nettside

Ny nettside

Fosnavåg Shippingklubb har fått ny nettside.

Her kan du finne det du lurer på om arrangementa til klubben, om medlemskap og om klubben.

Fosnavåg har over hundre medlemer. Vi møtast tre, fire gongar i semesteret til foredrag, mingling og middag.