Mandagsklubben med daglige gleder, opplevingar, framdrift og thruster som stikkord for kvelden
Stikkord for årets første Mandagsklubb 27. januar er daglige gleder, opplevingar og maritim framdrift- og thrustersystem. Etter foredraga blir det kveldsmat og den gode praten rundt borda som alltid.
High-end opplevingar for næringslivet!
Gro Linn Gamst er frå Brattvåg, og er gründer av reiselivsselskapet Nordfolk Travel i Ålesund. Selskapet har raskt blitt anerkjend i det internasjonale luksussegmentet, og har no fem tilsette der sist tilsett har base i London. Alle har som oppgåve å skreddarsy opplevingar for kvalitetsbevisste kundar verda over. Vi får vite meir om korleis dette blei en suksess, og kanskje får vi også nokon gode idear til korleis opplevingar kan vere ein del av B2B-verksemd?
Moldebedrift feirar rekordar!
Selskapet Brunvoll, ein global aktør innan maritim framdrift og thrustersystem, opplever ein formidabel vekst. Vi får presentasjon av denne suksesshistoria, også med døme på kundeprosjekt i Herøy, frå Oddbjørn Føslvik, VP Sales i Brunvoll Volda.
Har du lyst til å bli ein enda betre daglig gleder?
Heidi Klefstad er ein profesjonell gledesspreiar. Ho snakkar om det å gjere kvarandre gode, om å bli sett og korleis vi alle kan bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø. Om å spreie arbeidsglede og om å leie med hjartet. Har du det godt med deg sjølv, yter du også best i jobbsamanheng og har mest å gi til dine medmenneske. Ditt gode humør og dine oppbyggjande kommentarar løftar menneska rundt deg, og på den måten kan glede og pågangsmot spreie seg som ringar i vatn. Foredraget har eit kvardagsfilosofisk utgangspunkt der Heidi snakkar om korleis vi med enkle grep kan skape ein betre kvardag for oss sjølve og våre omgjevnader.
Lenke til påmelding (Google docs) – Påmelding til Mandagsklubben 27. januar
Frist fredag 24. januar kl. 13 for antall til kveldsmaten.
Del gjerne invitasjonen med dine kollegaer i medlemsbedriften!
Vel møtt!
Helsing Fosnavåg Shippingklubb