Om oss
«Fosnavåg Shippingklubb – all maritim verksemd» er ein møteplass for å løfte fram og auke verdiskapinga frå havet gjennom nettverk og kunnskap.
Vi har samlingar fleire gongar i semesteret med med aktuelle foredrag, mingling og middag.
Shippingklubben vart stifta 4. september 2006, og er ei medlemsforening for all maritim verksemd i Herøy og omegn.
Styret 2020/2021
Anders Almestad
President
Silje Smådal
Visepresident
Svein Rune Smådal
Styremedlem
Gry Cecilie Sydhagen
Styremedlem
Åge Sandvik
Styremedlem
Rita Sævik
Styremedlem
Per Ronald Knutsen
Styremedlem
John Arne Winsnes
Styremedlem
Valnemnd:
Paul Harald Leinebø, Even Remøy og Marthe Vågsholm Sævik.
Informasjon
Alle bedrifter kan vere medlem, og alle tilsette i medlemsbedrifter kan delta på møta.
Du kan også ha personleg medlemskap.
Prisar for medlemskap
Enkeltmannsforetak | 1 100,00 |
2-5 ansatte | 1 925,00 |
6-15 ansatte | 3 850,00 |
16-30 ansatte | 5 500,00 |
31-50 ansatte | 8 250,00 |
Meir enn 51 ansatte | 11 000,00 |
Privatperson | 500,00 |
Senior/Pensjonist | 250,00 |
Vedtekter
for foreininga ”Fosnavåg Shippingklubb” endra på årsmøtet 18.06.2020.
§ 1
Foreininga sitt namn er Fosnavåg Shippingklubb, med underteksta: ”- all maritim verksemd”. Klubben er oppretta 4. september 2006.
Sete for foreininga Fosnavåg Shippingklubb er Fosnavåg i Herøy kommune.
§ 2
Foreininga sitt føremål er:
- Fremje Fosnavåg som ein internasjonal, leiande maritim by.
- Sikre ei positiv utvikling av den maritime næringa i Herøy.
- Sosial treffplass, og dermed verke «inkluderande» for dei maritime aktørene.
- Fremje sunn konkurranse mellom medlemene, når konkurranse er det rette.
- Sikre eit godt samarbeid, når samarbeid er det rette.
§ 3
Årsmøtet er foreininga sitt høgste organ og styret representerer foreininga utad.
Årsmøtet skal haldast seinast 30. juni kvart år og skal innkallast seinast 7 dagar før møtet.
Presidenten kallar inn til årsmøte. Rett til å møte på årsmøte har alle registrerte medlemmar.
Styret skal :
- Gi innstilling om godkjenninga av rekneskap og årsmelding.
- Styret skal godkjenne medlemskap.
- Fastsette medlemskontingent.
- Gi innstilling til eventuelle vedtektsendringar til årsmøtet.
§ 4
Foreininga skal vere leia av eit styre på 6 – 8 personar fra medlemsbedrifter i Fosnavåg Shippingklubb.
Foreininga Fosnavåg Shippingklubb skal ha ei valnemnd på 3 medlemmer, valt av årsmøtet. Årsmøtet vel President og Visepresident.
I presidentens fravær trer Visepresident inn som President.
Styremedlemmane blir valde for 2 år, men ved førstegangs val blir halve styret valde for 1 år.
Maksimal samanhengande tjenestetid skal være 6 år.
Herøy kommune ved ordførar skal ha tilsendt innkalling / sakliste og har sjølve eller ved stadfortredar møte- og talerett.
§ 5
Foreininga sitt firma vert teikna av Presidenten saman med forretningsførar eller eit styremedlem.
§ 6
Fosnavåg Shippingklubb sine utgifter vert dekte av:
- Deltakande verksemder, sal av tenester, andre inntekter.