Velg en side

Vi må dessverre avlyse bank-etten 21. januar.

Vi veit ikkje noko om kor mange som kan samlast eller i kva former, og då er det umuleg å planlegge og arrangere både for oss og hotellet/konserthuset.

«Årets første julebord» har vore mellom høgdepunkta i arrangementa til Fosnavåg Shippingklubb.

Planen no var fornying og vi ville kalle det «Bank-ett». Bankane som er representerte med kontor i Fosnavåg var med og lovde foredrag om økonomiske trendar som er viktige for Nordvestlandet. Namnet «Bank-ett» spelar i tillegg til bank-foredrag også på at vi planla kvite dukar på borda, servering i Fosnavåg konserthus og at vi la opp til litt stas.

Vi skulle ønske at vi kunne ønske velkomen til «Bank-ett» som planlagt fredag 21. januar, men vi må dessverre avlyse og kjem tilbake med meir informasjon og forhåpentlegvis ein ny dato for arrangementet når vi veit meir om korleis dei nye korona-restriksjonane blir.