Velg en side
Eksfin, vindskip og hydraulikk på Mandagsklubb 15. november

Eksfin, vindskip og hydraulikk på Mandagsklubb 15. november

Kva skjer med Eksfin? Og blir det enklare for maritim næring? Solveig Frøland frå Eksfin besøker Shippingklubben mandag 15. november.
Frøland har ansvar for shipping, verft og offshoreprosjekt i Eksfin. Høyr henne snakke om status og vegen vidare for samanslåinga av Eksportkreditt Norge og GIEK til Eksportfinansiering Norge.
Rem Offshore tek steget inn i havvindindustrien. Dei har hatt ei skip under ombygging hos Green Yard Kleven og nyleg kom nyheita om at dei har bestilt to nye havvindskip hos Vard. Fredrik Remøy skal fortelje om deira satsing og forventningar innan dette segmentet. Og kanskje har han eitt og anna og seie om eksportfinansiering også?
I tillegg blir det også hydraulikk frå Hareid. Einar Warholm frå Dimo vil presentere bedrifta som også er ny medlem i Shippingklubben.
Mandagsklubben er som vanleg på Redarromet på Thon Hotel Fosnavåg kl 18.
Alle som jobbar i ei medlemsbedrift eller er personleg medlem i Shippingklubben er velkomne til å vere med.
På grunn av matservering treng vi påmelding. Det gjer du her:
Fin femtenårs-feiring

Fin femtenårs-feiring

Under haustfesten til Fosnavåg Shippingklubb på Skotholmen fredag 29. oktober vart Hallvar Ulfstein takka for flott innsats gjennom sitt arbeid som dagleg leiar i Shippingklubben frå 2013 og ut 2020.
Diskusjon om namneval for 15 år sidan
President og styreleiar Anders Almestad tok oss også med til starten og stiftingsmøtet,4. september 2006. Første sak på agendaen var namneval – ei sak som alltid utløyser stort engasjement. Slik også her. Alternativa vart mange, men handla alle om varianter med maritim, sjøfart, fiskeri og offshore. Det enda med «Fosnavåg Shippingklubb – all maritim verksemd» .
Statuttane ligg fortsatt fast med punkt om å sikre ei positiv utvikling av den maritime næringa i Herøy, vere ein sosial treffplass og fremje godt samarbeid og sunn konkurranse.
Den første presidenten var Per Sævik.
Ser framover
Shippingklubben har utvikla seg på femten år og Anders Almestad seier klubben vil måtte endre seg også framover, for å tilpasse seg innovasjon, ny teknologi med meir, men at det å vere ein møteplass og skape samhald og samarbeid vil vere ein av grunnpillarane.
Fosnavåg Shippingklubb ønskjer å vere sentral i arbeidet med å få Herøy i gang igjen etter koronaperioden.
Haustfest og 15-årsmarkering

Haustfest og 15-årsmarkering

Fosnavåg Shippingklubb vart starta i 2006. Det er no 15 år sidan og rekka av arrangement med spennande foredragshaldarar og både god mat og god prat er lang.

Fredag 29. oktober markerer vi dette vesle jubileet med haustfest på Skotholmen.

Arne Hjeltnes er hovudgjesten denne kvelden. Vi skal møte han både som næringslivsmannen som er sterkt engasjert i kysten, fiskeri og sjømat i tillegg til at vi også får oppleve han som morokaren og underhaldaren.

Skotholmen byr på to-rettarsmiddag.

Arrangementet er gratis for medlemer i Shippingklubben og dei som jobbar i bedrifter som er medlem i Shippingklubben.

Båtane til Havopplevelse går frå hotellkaia i Fosnavåg klokka 18. Vi planlegg å vere tilbake igjen i Fosnavåg sentrum klokka 22.

Meld deg på her

Else Karlsen ny æresmedlem

Else Karlsen ny æresmedlem

Visepresident i Shippingklubben, Silje Smådal, tildelte statuett og blomster medan ein annan brandøling, Johannes Alme, fortalte om bakgrunnen til Else Karlsen. Han sa at han har stor respekt for Else Karlsen og at det var ei glede og ei stor ære å få prate om denne heidersdama.

Else Karlsen er frå Telemark, fødd og oppvaksen på ein bondegard langt inn i skauen, som ho seier det sjølv. Ho er fødd i 1928, og nærmar seg 93 år.

Alme peikte på at ho har vore handlekraftig heile livet og viste til at ho var ordonans i Milorg då ho var tenåring og gjekk mellom anna med beskjedar.

Ho hadde med kyrne, og så hadde ho lappen med ordrar i beltespenna.

Else gjekk all in

Då Else gjekk på industriskulen i Oslo, møtte ho Peter Karlsen frå Brandal. Dei gifta seg, flytta til Brandal og fekk tre born. Peter meinte at ei bondetaus frå Telemark ikkje hadde noko å gjere med skuter og båtar, sildoljefabrikk og selmottak, og slik vart det heilt til i 1972 då han vart sjuk. Då begynte Else å gå turar ned på fabrikken og «rapportere» til Peter.

Det vart tøffe år der selfangsten var på nedadgåande og det same var sildoljefabrikken. Samtidig vart Peter meir og meir sjuk. Det siste året han levde var han på sjukehus og Else budde der i lag med han.

Tidene endra seg og det var mykje motbør. Sildoljefabrikken, motbøteriet, treskutene Brandal og Signalhorn gjekk mot slutten, og Polarstar og Polarhav kava med å få oppdrag utanom selfangsten.

Else var då på full fart på veg inn i drifta saman med unge Martin. Eg har sagt til Else, litt på spøk og litt på alvor, at ein annan hadde selt og flytta tilbake til skogen i Telemark, men Else, ho gjekk all inn.

Selfangstdronninga

Johannes Alme seier Else var flink til å stille spørsmål og flink med pluss og minus. Ho var med og tok i mot og spekka selskinn, ho var med og tok i mot brugde og jobba på. Polarstar dreiv selfangst på Newfoundland og var sysselmannsskute på Svalbard, og Else var reiar og eigar, vaskedame og altmoglegdame.

Utover på 80- og 90-talet vart Else ofte titulert som selfangstdronninga. Det er fint og godt meint, men eg har aldri høyrt om ei dronning som har jobba så hardt fysisk som Else.

Alme fortel også at Else var berykta som dama med notisboka då Polarstar låg på verkstad. Ho hadde full kontroll med timetal og visste å seie i frå om rekninga vart for høg. Ho hadde heller ikkje problem med å sette skapet på plass i møte med departement og direktorat.

Karlsen var involvert i både handel, industri og andre fartøy, også offshore, men det er Polarstar og selfangsten Else for alltid vil vere identifisert med.

Else har sagt at Starten (Polarstar) nesten var som ein av barna hennar. Vi som har vore om bord, veit at engasjementet og arbeidslysta var stor. Vi fekk alle stor respekt for denne dama som måtte ha ting gjort akkurat då. Hadde det ikkje vore for Else, så hadde nok Polarstar vore ute av drift lenge før. Alle kjende kor ho brann for skuta og engasjementet smitta, så uløyselege problem vart fleire gongar løyste fordi det var Else som spurde.

Energisk arbeidsjern

I 1998 var det slutt. Då hadde det vore rusta ut selfangsskuter frå Brandal i 100 år. Då var Else i alderen for å pensjonere seg, men då vart det kveiteoppdrett, nær sagt heile døgnet.

Else har også vore med i råd og frivillig arbeid i heimkommunen. Seinast i forfjor var ho i skogen og henta bjørk som det var laga fastelavensris av.

Og Ishavsmuseet må også nemnast. Frå å ha gitt buda til det som i dag er Ishavsmuseet, har Else også lagt ned eit enormt frivillig arbeid der, både med vasking, som søndagshjelp, serveringsdame og med alt muleg anna forefallande. Og Else er ein attraksjon i seg sjølv. Alle gamle selfangarar som kjem innom, må helse på og klemme på Else.

Johannes Alme oppsummerte hyllesten på vegner av seg sjølv og Fosnavåg Shippingklubb slik:

Else, ei energisk dame, med eit stort hjarte og ein enorm arbeidskapasitet, ei som sto på der andre ville gitt opp både selfangst og Polarstar.

Fosnavåg Shippingklubb gratulerer og ønskjer Else Karlsen velkomen som æresmedlem.

Tidlegare har mellom anna Per Smådal, Ståle Remøy, Inge Nærø og Asbjørn Endresen vorte tildelte æresmedlemskap. Det same har Edvard Gjerde, Johannes B Eggesbø, Per Sævik, Idar Ulstein og Arve Moltubakk.

Festmiddag og tildeling av æresmedlemskap

Festmiddag og tildeling av æresmedlemskap

Fosnavåg Shippingklubb ønskjer å heidre markante personar i næringslivet.

Under festmiddagen på Thon Hotel Fosnavåg 8. oktober deler vi ut ein ny æresmedlemskap. Dette er ein person som har vore med på eventyr, kryssa grenser og levert innanfor ein på mange måtar tøff bransje.

Kven det er blir avslørt først når vi samlast.

PÅMELDING

Er du medlem i shippingklubben eller jobbar i ei medlemsbedrift, så er du hjarteleg velkomen. På grunn av matservering må du melde deg på. Det fiksar ved å klikke på knappen under.

Klikk her for påmelding

Husk å dele invitasjonen og ta med fleire i bedrifta di.

SJØKREPS OG LEIARSKAP PÅ MENYEN

På menyen denne kvelden står festmiddag med sjøkreps, reinsdyr og creme brulee. I tillegg får du solid påfyll av motivasjon og kunnskap om leiing på menyen.

Steinar Bjartveit, psykolog, forfattar, høgskulelektor med leiing som spesialitet held foredrag. Han skal i tillegg intervjue lokale leiarar  om leiing.

Bjartveit er ein mykje bruke foredrags- og kurshaldar mellom leiarar, og let oss lære av suksessane – og feila – til historiske leiarar. På festmiddagen gir han oss eit møte med Julius Cæsar og viser korleis han bygde ein av dei raskaste og mest fleksible organisasjonane i verdshistoria. I tillegg får vi eit potpurri av ulike historiske leiarar og kva vi kan lære av dei.

Du kan lese meir om tankegangen til Bjartveit, om kursa og om han sjølv her. 

I tillegg til foredraga skal Steinar Bjartveit intervjue to leiarar om leiarskap. Den eine er Roger Halsebakk, skipper, self-made og leiar av verdas største brønnbåt-reiarlag; Sølvtrans. Den andre er Gunhild Sjøvik, fjerde generasjon i Sjøvik-reiarlag der hennar plass er som CEO i Cinderella Eco Group som produserer prisbelønte og berekraftige forbrenningstoalett som vert selt over heile verda.

Festmiddagen er på Thon Hotel Fosnavåg, fredag 8. oktober kl 18.