
Arrangement hausten 2023
Det første arrangementet blir mandag 4. september med tema «Fish and ships».
Neste samling er mandag 23. oktober før det blir juleavslutning og med ekstra stas i Fosnavåg konserthus mandag 4. desember.
Det første arrangementet blir mandag 4. september med tema «Fish and ships».
Neste samling er mandag 23. oktober før det blir juleavslutning og med ekstra stas i Fosnavåg konserthus mandag 4. desember.
Vi avsluttar våren 2023 med sommarleg grillfest med polare innslag frå Geir-Martin Leinebø som var skipssjef då det første norske skipet nokon gong nådde Nordpolen. Etter samlinga fyrer Thon Hotel Fosnavåg opp grillane og vi kryssar fingrane for godt og lagleg ver!
Geir-Martin Leinebø er herøyværing, orlogskaptein i Sjøforsvaret og ein av dei fremste i Sjøforsvaret innan isoperasjonar. Han kjem til Shippingklubben for å fortelje oss om besøk på Nordpolen, mellom anna med KV Svalbard som det første norske skipet fartøyet som nådde Nordpolen.
Han var også skipssjef då KV Svalbard forhindra ei større miljøkatastrofe då fiskefartøyet Northguider forliste i Hinlopenstredet og på KV Svalbard under operasjon CAATEX i Beuforthavet som hadde stor betydning for nasjonal og internasjonal klimaforsking.
Geir-Martin Leinebø fekk nyleg Sjøforsvarets Fortjenestmedalje, og under tildelinga var det mellom anna sagt at utan Leinebø sine leiareigenskapar og særlege kompetanse og erfaring, så hadde desse operasjonane vanskeleg lete seg gjennomføre.
Leinebø har ein lang karriere i kystvakta gjennom snart tretti år, og vil i tillegg til forteljingar frå ishavet seie noko om Fosnavåg si rolle som ein viktig bidragsytar i kystvakta og kva som skjer framover.
Mangfald
Vi får også høyre Patricia Larsen (Vard) og Andreas Nystøl (Seaonics) som skal fortelje om Vard sitt program i kulturforståing og «Vard gender diversity program». Utgangspunktet er å skape konkurransekraft gjennom menneska, at mangfald handlar om å kapre dei beste talenta og at mangfald og inkludering gir betre forretningsresultat
Årsmøte
Samlinga startar klokka 18 med kort årsmøte. Sjå meir om årsmøtet, innkalling, rekneskap m.m. her.
På grunn av matservering, så må vi ha påmelding.
Meld deg på herDet blir årsmøte i Fosnavåg Shippingklubb mandag 22. mai kl 18 i samband med sommarfesten.
SAKLISTE:
Saker til behandling:
Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner framlagt årsmelding og årsrekneskap. (Sjå årsrekneskap nederst i saka)
4. Val av styre
Forslag til vedtak: Årsmøtet vel nytt styre slik valnemnda har innstilt.
Valnemnda med Marthe Vågsholm Sævik, Even Toreson Remøy og Paul Harald Leinebø innstiller desse til nytt styre:
*NOTAT FRÅ VALNEMNDA: Det blei diskutert om ein skulle hente inn eit styremedlem frå Marine Talents med tanke på rekruttering. Det vart avtalt å kontakte styreleiar i Marine Talents, Christian Palmar Remøy, som tok det vidare til styret for avgjerd. Dei kom tilbake med sin kandidat som var; Marthe Vågsholm Sævik. Ho tredde derfor ut av møtet under diskusjonen i valnemnda. Valet er gjort av Even Remøy og Paul Harald Leinebø.
5. Val av president og visepresident
Forslag til vedtak: Årsmøtet vel Helge Remøy som president og Silje Smådal som visepresident.
(Namna kjem her seinast ei veke før årsmøtet)
6. Val av valnemnd
Marthe Sævik Vågsholm og Paul Harald Leinebø tek ikkje gjenval. Even Toreson Remøy blir med vidare.
Forslag til vedtak: Årsmøtet vel Merethe Hjertø Flusund, Christian Palmar Remøy og Even Toreson Remøy til valnemnd.
214 -Årsregnskap 2022 – Fosnavåg Shippingklubb
214 -Noter til Årsregnskap 2022 – Fosnavåg Shippingklubb
I samarbeid med Atea inviterer Shippingklubben til Mandagsklubb om industri 5.0 der ein mellom anna får vite meir om kva det betyr for Kongsberg. Du får også meir om det nye berekraftsdirektivet frå EU (CSRD) og høyre kor det ligg an med berekraftsarbeidet hos bedrifter på Nordvestlandet.
Tapas-servering frå klokka 17
Med Atea på laget kan vi invitere til mingling og mulegheita for å kome rett frå jobb og ta seg mat og prat i timen før arrangementet startar.
Sara Skeide Saunes – Senior Manager – Revisjon PwC Ulsteinvik og Silje Kristin Guddal, senior manager, Advisory PwC Stryn svarer på kva det betyr for di verksemd at berekraftsdirektivet CSRD er vedtatt i EU og gir ei kort oversikt over dei viktigaste punkta. PwC har også teke temperaturen på berekraftsarbeidet i bedriftene i nordvest og deler informasjon frå løypemeldinga for 2022.
Trond Henriksen, Group lead FoodTrust & Blockchain i Atea seier vi i Norge går glipp av store verdiar fordi verksemdene manglar kompetanse eller ressursar til å utnytte mulegheitene som ligg i data. Korleis kan ein utnytte desse dataene for å skape forretningsmulegheiter og samtidig gjere seg klar for CSRD og rapporteringskrav? Her er det snakk om verdien av data som innsatsfaktor i digitale prosessar og du får høyre om eksempel på utnytting av data, CSRD og ikkje minst Industri 5.0 og vekst for industrien inn mot 2030.
Etter pause er det tid for Arve Toven, Service Concepts og Sustainability Kongsberg som fortel om kva Industri 5.0 betyr for Kongsberg før Lars Iversen, Senior Business Strategist i Atea tek føre seg temaet «Industri 5.0 – Vekst for industri inn mot 2030»
NB, tapas-servering frå klokka 17 – og fiskesuppe til slutt.
Arrangementet er for deg som er medlem eller som jobbar i ei av medlemsbedriftene våre.
Meld deg på herFire norske kvinner rodde over Atlanteren. Dei sette rekordar og nådde måla. Men korleis greidde dei å gjennomføre prosjektet så mange var skeptiske til? Og korleis kom dei seg gjennom slit, søvnmangel og bokstaveleg tala høge bølgjer, kom i mål og skapte eit eventyr?
Sophie Stabell frå «Rowegians» kjem med foredraget der Atlanterhavskryssinga vert brukt som eit bakteppe for å belyse tema som målsetting og gjennomføringsevne.
Leiarutvikling
Medan Rowegians rodde på tvers av Atlanteren, handlar «På tvers» om utvikling for mellomleiarar. Programmet vert køyrt i regi av Gagn, og Gry Stavseng kjem til Mandagsklubben for å gi ein smakebit knytt til leiing og ulike leiarstilar.
Bedriftsutvikling
Havyard Group var både eit kjent namn og firma for mange. No har selskapet fått nytt namn, Eqva, fått fleire avdelingar over heile Vestlandet – og har fortsatt hovudkontor i Fosnavåg. Administrerande direktør Erik Høyvik skal fortelje både om kva dei gjer og har tenkt å gjere.
Runde miljøsenter og opa utstilling
Samlinga vert på Runde Miljøsenter mandag 30. januar. Programmet er frå 18 til cirka 20 før det blir servert god kveldsmat.
Det vert også ope i den nye utstillinga om Akerendam og det store skattefunnet som vart gjort i havet utanfor Runde, slik at den som ønskjer kan rusle innom og sjå på utstillinga.
Påmelding innan fredag 27. januar kl 13.
Meld deg på her