Velg en side

Åge Remøy er årets æresmedlem. Heideren vart utdelt på juleavslutninga til Fosnavåg Shippingklubb tysdag kveld.

Fosnavåg Shippingklubb har sidan 2007 delt ut heideren «Årets æresmedlem». Prisen har gått til personar som har hatt eit langvarig engasjement for den maritime bransjen, har påverka bransjen positivt og vore bidragsytarar til lokalsamfunnet. President i Fosnavåg Shippingklubb, Helge T. Remøy, kunne trygt slå fast at årets æresmedlem på alle måtar er ein verdig mottakar av denne æra.

Historia om Åge Remøy er skildra i boka «Reiar utan slips» av Svein Aam. Der heiter det: «Å gripe sjansen. Å ta kjappe avgjerder. Å stole på eigne vurderingar. Dette er eigenskapar som må til for å lukkast i fiskeria. Dette er også eigenskapar som kjenneteiknar gründerar eller entreprenørar – både på sjø og land.» Fosnavåg Shippingklubb meiner Åge Remøy har desse eigenskapane og han har vore ein sentral person i utviklinga av Fosnavåg og lokalsamfunnet, offshoreindustrien og sjøfartsbransjen.

Starten og grunnlaget

Som så mange andre unge menn i Herøy på 60-talet, starta også Åge sitt yrkesliv til sjøs som fiskar. Han kunne fortsett den vegen, men valde å ta utdanning som skipsingeniør. Etter utdanninga fekk han jobb på Smedvik Mekaniske i Tjørvåg, som på den tida var eit av dei største verfta på Sunnmøre. Han gifta seg meg Margrethe Sævik som 20-åring og saman har dei fire born og ein liten skokk med barnebarn. I 1977 vart Åge og brørne Frank, Jakob og Stig fiskebåtreiarar. Dei kjøpte ein gammal reketrålar som fekk namnet «Jan Mayen». Etter nokre år med stor motbør, losna det endeleg og rekeeventyret på 80-talet la grunnlaget for deira vidare satsing innanfor fiskeri og seinare offshore.

Åge har vore ei drivkraft bak utviklinga av offshoreindustrien, og motet hans har vore til inspirasjon for mange. Sjølv i møte med utfordringar og kraftig motvind har Åge stått stø som fjell. Han har vist at ekte leiarskap ikkje berre handlar om suksess, men også om å reise seg att etter nederlag.

Motbør og pågangsmot

Gjennom 2000-talet hadde Rem Offshore hatt ein kraftig vekst og det vart bestemt å gå på børs i 2007. Etter børsnoteringa viste det seg at Åge hadde bygd eit så attraktivt reiarlag at nokon prøvde å ta kontroll over selskapet. Resultatet var at Rem Offshore vart delvis oppkjøpt og til slutt delt. Med si usedvanlige utholdenheit bygde Åge og teamet hans opp igjen Rem Offshore, men nye utfordringer dukka opp i 2014 med eit kraftig oljeprisfall, fall i etterspørselen etter offshore-skip og mange reiarlag måtte refinansierast. Som ein del av ei større konsolidering i offshore vart Deep Sea Supply, Farstad, Solstad og Rem Offshore slått saman.

Dei aller fleste hadde nok gitt opp på det punktet, men ikkje Åge Remøy og hans støttespelarar. I dag er Rem Offshore ikkje berre tilbake på sitt tidlegare nivå, men det er større og sterkare enn nokon gong. Medrekna eit skip som er under bygging, tel flåten no 20 fartøy og 700 personar er tilsette på sjø og land.

Samfunnbyggar og lokalpatriot

Åge Remøy er ikkje berre entreprenør og reiar. Han er òg samfunnsbyggjar og lokalpatriot. Engasjementet hans for Fosnavåg og lokalsamfunnet er imponerande. Gjennom åra har han ikkje berre skapt arbeidsplassar, men òg gjeve tilbake til samfunnet gjennom ulike initiativ og støtteordningar. Fosnavåg konserthus, der arrangementet gjekk føre seg, er eitt av prosjekta han har vore ein stor bidragsytar til.

Åge Remøy sitt langvarige engasjement for den maritime bransjen, rolla hans som ein sterk bidragsytar til lokalsamfunnet og den positive påverknaden han har hatt på bransjen, gjer han til ein verdig mottakar av denne æra.

Presidenten i Fosnavåg Shippingklubb runda av heideren med å oppmode forsamlinga om å løfte glaset for Åge Remøy. – Ein mann med visjonar, pågangsmot og handlekraft. Takk for ditt iherdige og tålmodige arbeid. Takk for alt du har bidrege med til å gjere den maritime næringa og lokalsamfunnet vårt til det det er i dag.

Svart/kvitt foto: FOA