Velg en side
Arrangement hausten 2023

Arrangement hausten 2023

Det første arrangementet blir mandag 4. september med tema «Fish and ships».

Neste samling er mandag 23. oktober før det blir juleavslutning og med ekstra stas i Fosnavåg konserthus mandag 4. desember.

 

Sommarfest og Nordpolen

Sommarfest og Nordpolen

 

Vi avsluttar våren 2023 med sommarleg grillfest med polare innslag frå Geir-Martin Leinebø som var skipssjef då det første norske skipet nokon gong nådde Nordpolen. Etter samlinga fyrer Thon Hotel Fosnavåg opp grillane og vi kryssar fingrane for godt og lagleg ver!

Geir-Martin Leinebø er herøyværing, orlogskaptein i Sjøforsvaret og ein av dei fremste i Sjøforsvaret innan isoperasjonar. Han kjem til Shippingklubben for å fortelje oss om besøk på Nordpolen, mellom anna med KV Svalbard som det første norske skipet fartøyet som nådde Nordpolen.

Han var også skipssjef då KV Svalbard forhindra ei større miljøkatastrofe då fiskefartøyet Northguider forliste i Hinlopenstredet og på KV Svalbard under operasjon CAATEX i Beuforthavet som hadde stor betydning for nasjonal og internasjonal klimaforsking.

Geir-Martin Leinebø fekk nyleg Sjøforsvarets Fortjenestmedalje, og under tildelinga var det mellom anna sagt at utan Leinebø sine leiareigenskapar og særlege kompetanse og erfaring, så hadde desse  operasjonane vanskeleg lete seg gjennomføre.

Leinebø har ein lang karriere i kystvakta gjennom snart tretti år, og vil i tillegg til forteljingar frå ishavet seie noko om Fosnavåg si rolle som ein viktig bidragsytar i kystvakta og kva som skjer framover.

Mangfald

Vi får også høyre Patricia Larsen (Vard) og Andreas Nystøl (Seaonics) som skal fortelje om Vard sitt program i kulturforståing og «Vard gender diversity program». Utgangspunktet er å skape konkurransekraft gjennom menneska, at mangfald handlar om å kapre dei beste talenta  og at mangfald og inkludering gir betre forretningsresultat

Årsmøte

Samlinga startar klokka 18 med kort årsmøte. Sjå meir om årsmøtet, innkalling, rekneskap m.m. her. 

På grunn av matservering, så må vi ha påmelding.

Meld deg på her
Årsmøte 2023

Årsmøte 2023

Det blir årsmøte i Fosnavåg Shippingklubb mandag 22. mai kl 18 i samband med sommarfesten.

SAKLISTE:

Saker til behandling:

  1. Godkjenning av innkalling og sakliste
  2. Registrering av frammøtte
  3. Godkjenning av årsmelding og årsrekneskap 2022

Forslag til vedtak: Årsmøtet godkjenner framlagt årsmelding og årsrekneskap. (Sjå årsrekneskap nederst i saka)

4. Val av styre

Forslag til vedtak: Årsmøtet vel nytt styre slik valnemnda har innstilt.

Valnemnda med Marthe Vågsholm Sævik, Even Toreson Remøy og Paul Harald Leinebø innstiller desse til nytt styre:

  1. Silje Smådal
  2. Svein Rune Smådal
  3. Per Ronald Knutsen
  4. Helge Remøy
  5. Rita Sævik
  6. Jan Magne Goksøyr
  7. Marthe Vågsholm Sævik*
  8. Leiv Sindre Muren

*NOTAT FRÅ VALNEMNDA: Det blei diskutert om ein skulle hente inn eit styremedlem frå Marine Talents med tanke på rekruttering. Det vart avtalt å kontakte styreleiar i Marine Talents, Christian Palmar Remøy, som tok det vidare til styret for avgjerd. Dei kom tilbake med sin kandidat som var; Marthe Vågsholm Sævik. Ho tredde derfor ut av møtet under diskusjonen i valnemnda. Valet er gjort av Even Remøy og Paul Harald Leinebø.

5. Val av president og visepresident

Forslag til vedtak: Årsmøtet vel Helge Remøy som president og Silje Smådal som visepresident.

(Namna kjem her seinast ei veke før årsmøtet)

6. Val av valnemnd

Marthe Sævik Vågsholm og Paul Harald Leinebø tek ikkje gjenval. Even Toreson Remøy blir med vidare.

Forslag til vedtak: Årsmøtet vel Merethe Hjertø Flusund, Christian Palmar Remøy og Even Toreson Remøy til valnemnd.

214 -Årsregnskap 2022 – Fosnavåg Shippingklubb

214 -Noter til Årsregnskap 2022 – Fosnavåg Shippingklubb

 

Kva med mennesket når det finst ein robot for alt?

Kva med mennesket når det finst ein robot for alt?

I samarbeid med Atea inviterer Shippingklubben til Mandagsklubb om industri 5.0 der ein mellom anna får vite meir om kva det betyr for Kongsberg. Du får også meir om det nye berekraftsdirektivet frå EU (CSRD)  og høyre kor det ligg an med berekraftsarbeidet hos bedrifter på Nordvestlandet.

Tapas-servering frå klokka 17
Med Atea på laget kan vi invitere til mingling og mulegheita for å kome rett frå jobb og ta seg mat og prat i timen før arrangementet startar.

Sara Skeide Saunes – Senior Manager – Revisjon PwC Ulsteinvik og Silje Kristin Guddal, senior manager, Advisory PwC Stryn  svarer på kva det betyr for di verksemd at berekraftsdirektivet CSRD er vedtatt i EU og gir ei kort oversikt over dei viktigaste punkta. PwC har også teke temperaturen på berekraftsarbeidet i bedriftene i nordvest og deler informasjon frå løypemeldinga for 2022.

Trond Henriksen, Group lead FoodTrust & Blockchain i Atea seier vi i Norge går glipp av store verdiar fordi verksemdene manglar kompetanse eller ressursar til å utnytte mulegheitene som ligg i data. Korleis kan ein utnytte desse dataene for å skape forretningsmulegheiter og samtidig gjere seg klar for CSRD og rapporteringskrav? Her er det snakk om verdien av data som innsatsfaktor i digitale prosessar og du får høyre om eksempel på utnytting av data, CSRD og ikkje minst Industri 5.0 og vekst for industrien inn mot 2030.

Etter pause er det tid for Arve Toven, Service Concepts og Sustainability Kongsberg som fortel om kva Industri 5.0 betyr for Kongsberg før Lars Iversen, Senior Business Strategist i Atea tek føre seg temaet «Industri 5.0 – Vekst for industri inn mot 2030»

NB, tapas-servering frå klokka 17 – og fiskesuppe til slutt.

Arrangementet er for deg som er medlem eller som jobbar i ei av medlemsbedriftene våre.

Meld deg på her
Mandagsklubb på Runde miljøsenter 30. januar

Mandagsklubb på Runde miljøsenter 30. januar

Fire norske kvinner rodde over Atlanteren. Dei sette rekordar og nådde måla. Men korleis greidde dei å gjennomføre prosjektet så mange var skeptiske til? Og korleis kom dei seg gjennom slit, søvnmangel og bokstaveleg tala høge bølgjer, kom i mål og skapte eit eventyr?

Sophie Stabell frå «Rowegians» kjem med foredraget der Atlanterhavskryssinga vert brukt som eit bakteppe for å belyse tema som målsetting og gjennomføringsevne.

Leiarutvikling

Medan Rowegians rodde på tvers av Atlanteren, handlar «På tvers» om utvikling for mellomleiarar. Programmet vert køyrt i regi av Gagn, og Gry Stavseng kjem til Mandagsklubben for å gi ein smakebit knytt til leiing og ulike leiarstilar.

Bedriftsutvikling

Havyard Group var både eit kjent namn og firma for mange. No har selskapet fått nytt namn, Eqva, fått fleire avdelingar over heile Vestlandet – og har fortsatt hovudkontor i Fosnavåg. Administrerande direktør Erik Høyvik skal fortelje både om kva dei gjer og har tenkt å gjere.

Runde miljøsenter og opa utstilling

Samlinga vert på Runde Miljøsenter mandag 30. januar. Programmet er frå 18 til cirka 20 før det blir servert god kveldsmat.

Det vert også ope i den nye utstillinga om Akerendam og det store skattefunnet som vart gjort i havet utanfor Runde, slik at den som ønskjer kan rusle innom og sjå på utstillinga.

Påmelding innan fredag 27. januar kl 13.

 

Meld deg på her
Ragnar Thorseth årets æresmedlem

Ragnar Thorseth årets æresmedlem

Heideren vart utdelt på juleavslutninga til Fosnavåg Shippingklubb mandag kveld.

Prisvinnaren takk med både tale og song, Cornelius Vreeswijks «Min tanke er fri»

Ragnar Thorseth fortalte at det som låg bak alt han hadde gjort var ein draumen om å oppleve, gjennomføre – og formidle. Og for å få det til har det handla om sjølvtillit.

  • Det er vel dei som vil seie at det har vore i meste laget med sjølvtillit, men eg har også vore avhengig av tillit frå andre, frå mannskap, samarbeidspartnarar og sponsorar. Om ingen andre hadde hatt trua på prosjekta mine, så hadde eg ikkje hatt ein sjanse.

Thorseth siterte også Piet Hein i eigen oversetjing om at det er utruleg kva mulegheiter eit menneske har.

  • Det er utruleg kva ein IKKJE kan om ein av ærleg vilje aldri prøver…

Tatt det maritime i bruk på heilt spesielle måtar

Fosnavåg Shippingklubb har sidan 2007 delt ut heideren «Årets æresmedlem». Prisen har gått til personar som har utforska og tatt det maritime i bruk på heilt spesielle måtar, og president i Fosnavåg Shippingklubb, Ander Almestad, sa at ein trygt kan seie at det har årets æresmedlem gjort.

  • Han har segla på alle hav i bort i mot alle slags farkostar. Denne eventyraren er ein av Herøy sine største maritime kjendisar og har sjølv møtt kjendisar som Fidel Castro, George Bush og Thor Heyerdal.

Utfordra og målt krefter mot havet

I ein periode på rundt 50 år har Ragnar Thorseth utfordra og målt krefter mot havområde på heile kloden.

  • Det starta i 1969 når han rodde i ein liten færing frå Måløya til Lerwick på Shetland. Ein ekspedisjon som gjorde at sjølvaste dronning Elizabeth leita fram morsinstinktet når ho helste på han i Lerwick og lurte på kor mora hans reagerte på at han la ut på turen.

Dette var berre starten på fleire vågestykke. Her er nokre fleire av dei:

  • Nordishavet rundt med ein 32 fots båt.
  • Kryssa Atlanterhavet med 31 fots seglbåt, i kjølvatnet til dei norrøne sjøfararane som for til Vinland.
  • Gjennom Nordvestpassasjen med ein 20 fots båt.
  • Og når ein er så langt nord, så er det kanskje ikkje rart at det deretter freista med ein nordpol-ekspedisjon for å kunne seie at ein har maksa og vore så langt det går an den vegen?
  • På 80-talet segla han rundt jorda med vikingknarren Saga Siglar.
  • Han overvintra med familien i Kongsfjorden på Svalbard med den klassiske ishavsskuta Havella. Herifrå kjem den berømte videosnutten når isbjørnen glefser brødskive med røykalaks ut av handa til æresmedlemen. Den same videoen viser også kor isbjørnen litt seinare stakk hovudet så langt inn gjennom rorhusruta at vår mann måtte gi han ein solid rapp over nasa.

Anders Almestad sa at Denne hendinga saman med alle dei andre eventyrlege opplevingane er grundig dokumentert og godt fortalt gjennom mannen sin glitrande penn og slåande fortellarstemme.

Utferdstrong

På 90-talet var Ragnar Thorseth kaptein på kopien av Gokstadskipet sin seglas frå Norge til New York. Og han var til Rio de Janeiro på miljøkonferanse med vikingskipet Gaia. På meir heimlege trakter starta han opp Håholmen havstuer, ei reiselivsperle av eit tidlegare fiskevær ved Atlanterhavsvegen.

I 2000 vart han utsett for ei alvorleg rideulykke, og det såg lenge kritisk ut, men har stått i stormar før, og kom seg gjennom den gongen også.

  • Utferdstrongen er der fortsatt. Berre for nokre få år sidan var han på Grønlandsekspedisjon og roinga ser det ikkje ut som om han har tenkt å slutte med.

Ta ein Terje Vigen

Med færingen Bratholm, same sort som han rodde til Lerwick med, har det vore nye roekspedisjonar siste åra.

  • Men han seier sjølv at han skal gjere det smartare enn før. Meir tankekraft enn muskelkraft. Og no også med solceller på båten som sørger for lading av batteri til hjelpemotoren. Og der ligg fortsatt denne utferds- og ekspedisjonstrongen så han snakkar om å «ta ein Terje Vigen» og ro frå Grimstad til Danmark. Det er ei stor glede og ære for meg å få tildele Fosnavåg Shippingklubb sitt æresmedlemskap til Ragnar Thorseth.